søndag 4. oktober 2020

Biskop Erik Varden til lukke

 I går vart  cisternciensermunk Erik Varden  ocso vigsla til biskop i Trondheim katolske stift. Det var ein verdig og flott sermoni i Nidarosdomen som vi kunne følgja minutt frå minutt på nettet. Han vart utnemnd av pave Frans alt i fjor haust og planen var at han skulle innsetjast like etter nyttår, av helsemessige grunnar vart dette utsett, men no var han klar til denne krevjande oppgåva.

Overgangen frå kontemplativ munk  i ein av dei strengaste klosterordenane til den aktive og utoverretta bispestillinga må vera stor. Det vil no gå bra ,for dette er ein mann med både stor teologisk, språkleg og administrativ erfaring som abbed i  Mount Saint Bernard Abbey i Leicestershire dei siste åra. Men han hadde nok tenkt eit livslangt  kall som munk, men då han vart utnemd hadde han vel eigentleg ikkje noko anna val enn å bøya seg under lydnadsløftet som alle munkar avlegg.

Han er og ein kulturell mann med innsikt i såvel musikk som litteratur. Boka "The Shattering of Loneliness" som kom i 2018 ber bod om det. Boka vart svært  godt motteken, eg las henne med stor interesse og fascinasjon.

Erik Varden er framfor alt ein bønas mann. I eit intervju med Vårt Land seier han:

"Hvis jeg forblir munk, og jeg håper å forbli munk, så er det rett og slett fordi jeg har oppdaget bønn som en helt vital nødvendighet. Ikke som en from øvelse, men som en forankring i det vesentlige. Klosterlivet er jo radikalt på flere måter, det er radikalt på grunn av den praktiske måten det oppdeler dagen på, det sørger for at bønnen får plass. Og der håper jeg at jeg har opparbeidet tilstrekkelig vaner og disiplin til å holde det gående. Jeg kan  bare ikke se hvordan jeg kunne gjøre noe som helst fornuftig og fruktbart, hvis ikke bønnen kommer først."




                                       
Med forbønn for den nye biskopen !

                                             



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar