onsdag 2. januar 2019

Theotokos

1.januar er også ein Maria-dag, ein dag der vi feirar hennar viktigaste tittel- Theotokos dvs. "Gudføderske" men vanlegvis oversatt som "Guds mor". Ordet er samansett av to greske ord
Theo- Gud og tokos - fødsel. Dette er naturlegvis ikkje å forstå slik at Maria er Guds mor frå opphavet, men det er ein referanse til Jesu fødsel og sånn sett ei vidare feiring av inkarnasjon - Gud vart menneske - som vi alt har feira i jula.

Den bibelske referansen til dette finn vi i Lukas 1.43 der Elisabeth helsar Maria: " Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg ?"

Den kyrkjehistoriske referansen finn vi på konsilet i Efesos i 431. Nestorius var erkebiskop/patriark av Konstantinopel, han representerte den antiokiske retninga   som tenderte til å skilja Kristi guddommeleg og menneskeleg natur frå kvarandre. Difor kunne han ikkje kalla Maria Theotokos berre Khristotokos (den som fødte Kristus). Mot dette synet stod patriark Kyrillos frå Alexandria. Hans teologi framheva den dynamiske einkapen mellom Kristi to naturar.
Kyrillos sitt syn vann fram i Efesos , Maria vart erklært som Theotokos fordi Kristus er ein person med både ein menneskeleg og guddomeleg natur. Nestorius trakk seg tilbake til sitt kloster og døydde seinare i eksil i Egypt. Då han døydde hadde også han akseptert tittelen Theotokos.

Feiringa av Maria 1. januar er altså ei feiring av at Kristus er sann Gud og sant menneske fødd inn i verda av Jomfru Maria.
Maria gjer berre det same  ho gjorde i bryllaupet i Kana, ho peikar  på Sonen og ber oss gjera som han seier !



                        




Det gjorde inntrykk å stå på den staden der konsilfedrene i 431 proklamerte dogmet om  Jomfru Maria som Theotokos.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar