torsdag 31. januar 2019

Kyndelsmesse

2.februar feirar vi Herrens framstilling i tempelet, dagen er best kjent som Kyndelsmesse på norsk, av kyndill - lys på norrønt. Dagen blir og kalla  Missa Candelarun - lysmesse, eller Maria lysmesse, det latinske navnet på dagen er Presentatio Domini.

Dette er det første store kristne høgtida etter julefeiringa som vart avslutta med Epifani Og Herrens dåp. Bakgrunnen for dagen finn vi i Lukas  2.22-39 der Jesu rituelle framstilling i tempelet vert skildra. Tradisjonen har sin bakgrunn i  2.Mosebok.

Sentralt skildringa står møtet med den gudfryktige Simeon og profetinna Anna. Begge lovpriste Gud då dei såg Jesusbarnet.
 Simeons lovsang - Nunc dimittis -  blir framført i alle kloster som ein del av dagens siste tidebøn - kompletorium.


Simeons lovsong 
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
          
   
 30 For mine auge har sett di frelse,
          
   
 31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
          
   
 32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»


Alt i dei første hundreåra vart det vanleg å høgtida dagen med lysprosesjon, av det følgjer navnet Kyndelsmesse eller Lysmesse. Seinare vart det og vanleg å velsigna alle lys som skulle nyttast resten av året denne dagen. Dagen er nær knytta til julefeiringa. og inkarnasjonen. Tidlegare vart julefeiringa avslutta med Kyndelsmesse, etter liturgireformen er det Epifani som er den liturgiske avslutninga .
Den tyske teologen Adolf Adam  kallar Kyndelmesse for "Julefest utanfor Juletida".

                                    Georgisk ikon  frå 1000 talet som viser Jesu framstilling i tempelet





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar