lørdag 26. januar 2019

Eutanasi

Eutanasi - eller aktiv dødshjelpe dukkar med jamne mellomrom opp som tema i den offentlege ordskifte. I det siste har det vore enkelte partis ungdomgrupper som har teke til orde for å legalisera dette, og det har vore meningsmålingar som har vist at eit fleirtal av dei spurte ønskjer ei liberalisering. Ei undersøkjingar mellom 3050 personar i 2015 viste at 76 prosent var litt eller heilt enige i at legeassistert sjølvmord bør vera lovleg, 68 prosent meinte at eutanasi bør tillatast. Dette er i skarp kontrast til kva helsepersonell og dei fleste politikarar står for. Såvel  Den norske legeforening og Norsk sjukepleiarforbund står for ei restriktiv linje, og politisk har ikkje dette vore eit debatt tema.
Men det kan sjå ut som det også her er ein trend mot ei meir liberal linje, i ein nyleg publisert studie i Tidsskrift for den norske legeforening seier 30,7 prosent av legane seg einig i at dødshjelp bør vera lovleg ved dødelege sjukdom med kort forventa levetid, 12,7 prosent er einig i at det også skal vera lov ved alvorleg kronisk sjukdom. Sjølv om eit stort fleirtal framleis tek sterk avstand frå aktiv dødshjelp, er det ei utvikling frå 1990 talet mot større aksept for dette også blant legar.
Sjølv om måten spørsmåla er stilt på kan innverka på resultatet og gjera ei samanlikning med tidlegare studiar vanskeleg , tolkar artikkelforfattarane det som at det er ein trend mot eit meir liberalt syn også mellom helsepersonell.(Tidskrift dnlf 2019. 1. 31-35)

Dette er og den utviklinga vi har sette internasjonalt, Nederland var det første landet som legalisert eutanasi, deretter følgde Belgia og Luxembourg og no sist Canada og Colombia. I tillegg er legeassistett sjølvmord lovleg i Sveits og fleire delstatar i USA og Victoria i Australia. Men utviklinga har nok ikkje gått så raskt som mange frykta, illustrert ved at eit lovforslag i England og Skotland vart nedstemt.

I Nederland og Belgia har vi sett at grensene for kven som kan få aktiv dødshjelp har vorte utvida til også å gjeld mindreårige og personar med psykiske sjukdomar. Det blir debattert om at også "å vera leia av livet" skal vera ein grunn til å få dødshjelp !

Trenden er altså utan tvil mot ei legalisering av dødshjelp kanskje føste og fremst som legeassistert sjølvmord lik tilbodet i Sveits som også nordmenn har nytta seg av. Det blir ikkje aktuelt i vårt land til neste år, heller ikkje om fem år eller ti år, men det vil før eller seinare dukka opp som eit krav og i eit femti års perspektiv vil det nok bli ein realitet. For når det ikkje lenger er eit objektiv moralsk grunnsyn som seier at livet er ukrenkeleg er ei slik utvikling logisk. Det vil setja helsepersonell på prøve, og sjølv om dei i Nederland og Belgia kan resevera seg er det ikkje sikkert at det blir situasjonen i framtida. Fastlegen skal ikkje kunna reserver seg mot det som er pasientrettar, og er det nokon grunn til at ikkje også skulle omfatta ein lovfesta rett til legeassistert sjølvmord eller eutanasi til dei som ikkje klarer det sjølv ?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar