søndag 30. september 2018

Mikhail Bulgakov

Vi er på veg til Andriivskyi Uzviz 13 i Kiev der den ukrainske/russiske forfattaren og legen Mikail Bulgakov budde mellom 1906 - 1919. Huset er sidan 1991 eit museum til minne om denne store forfattaren som er blitt mykje meir verdsett  etter sin død enn då han levde. Utanfor huset finn vi ein skulptur av forfattaren, innvendig føl vi ein guida tur gjennom han opphaldsrom, legekontor, soverom, arbeidsrom. Døra inn til det siste romet går gjennom eit skap med nr. 50 på, ein hentydning til ein scene i hans mest kjende verk "Mesteren og Margarita". Her er samla mange store og småting som tilhøyrte forfattare. Fascinerande !

Mikhail Bulgakov vart fødd i Kiev i 1891 som den eldste av seks søsken. Faren var professor ved Kiev  teologiske akademi, men døydde då Mikhail var i tenåra av ein arveleg nyresjukdom som seinare også skulle ta livet av sonen. Mikhail fullførte medisin studiet ved universitetet i Kiev i 1916, men praktiserte medisin bare fram til 1920 i motsetning til broren Nikolai som gjorde karriere som kardiolog i Paris. Mikhails vidare karriereveg som journalist og forfattar skulle visa seg å vera langt meir usikker. Han skreiv i ei rekkje aviser og tidsskrift noveller og korte innlegg, men arbeidde og på romanar med science fiction preg som "Hundehjerte" og "Fatale egg", desse vart første gjeve ut lenge etter hans død.

Sensuren under bolsjevikregimet ramma han hardt, og gjorde at han etterkvart ikkje fekk publisert noko som helst. I si fortviling skreiv han direkte til Stalin og bad om å få emigrera. Stalin må ha sett med velvilje på han og tilbaud han jobb ved Moskva kunster teater, der han arbeidde fram til han døydde i 1940 berre 49 år gammal av same sjukdom som faren. Så langt ville han bare ha vore ein av mange mindre kjente skribentar på 1900 talet, men Bulgakov hadde noko til gode. Frå 1928 -38 arbeidde han på sitt mesterverk "Mesteren og Margarita" som første vart gjeve ut i fullstendig utgåve i 1973 og etterkvart omsette til mange språk. I dag blir denne romanen vurdert som ein av dei viktigaste i 1900 talets europeiske litteratur.

Eg las "Mesteren og Margarita" for mange år sidan. Det er ei bok det ikkje går an å gje eit resyme av, boka foregår på så mange plan og har så mange referansar til den politiske situasjonen i Sovjet, til historie, religion og filosofi at ein må vera godt skolert for å få med seg alt. Utan tvil er boka ein satire over  og eit åtak på eit umenneskeleg politisk system og vart nok og oppfatta som det av systemet !

Ei anna bok som gjorde sterkt inntrykk er ei samling med noveller inspirert av tida han praktiserte som lege på landsbygda i Russland. Her skildrar han korleis det er å stå åleine som ung, uerfaren doktor langt frå andre kollegaer. Få er det nok som i dag får oppleva dette i så ekstrem grad som hovudpersonen i Bulgakovs noveller, men mange kjenner seg nok igjen i angsten og usikkerheten stilt overfor eit stort ansvar. Dette blir understreka av at historiane stort sett foregår om natta, i mørke, det er vinter, kulde og snøstorm.
Han skildrar og den mørke baksida i "Morfin", rusmisbruk og sjølvmord hos ein som ikkje maktar  presset . Til ettertanke!
Boka er oversett til engelsk med tittelen " A country doctor`s notebook".




                                           
                                            Skulptur av forfattaren . Mykola Rapai 2007

                                             
                                                                    Opphaldsrom
                             
                            Mange detaljar frå huset er skildra i romanen "The white guard"
                                 
                                                               Bulgakovs legekontor
                               
                                    Inngang til neste rommet gjennom klesskapet
                                     
                                                                Bulgakovs arbeidsrom
                                                 Ved inngongen til museet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar