tirsdag 11. september 2018

Karmel Totus Tuus

Retrett i Tromsø hos søstrene i karmelklosteret Totus Tuus. Fem dager og tid til å falla til ro.Tidebøner frå Laudes kl 06 til lesningsgudsteneste kl 21. Stille bøn og fine felles måltider. Vakker messe med ikledning av skapularet og løfteavlegging. Gode samtalar og turar i solfylte haustdagar.
Fokus på Therese av Lisieux og hennar foreldre i og med at deira relikviar kjem til Norden, også til Tromsø i oktober. Søstrene førebur det og ser fram til det med stor glede. Vesle Therese let oss sjå kjernen i evangeliet og let det regna roser over jorda som ho lova før sin død.
Vi ser fram til det og ny tur til Tromsø om eit år !


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar