mandag 24. september 2018

Holodomor

Holodomor er Ukrainas versjon av Holocaust. Tragedien frå svoltåra 1932-33 blir årleg minna siste laurdag i november, Eit stort minnesmerke blei reist like utanfor Kiev sentrum i 2008 Det er forma som eit lys som strekker seg oppover mot himmelen, på den nederste delen er det fuglar som gradvis klarer å frigjera seg frå gitteret dei er fanga bak. Like framfor finn vi eit sterkt symbolsk  uttrykk for kornet som vaks og vart mogna, men som folk ikkje fekk hausta. Sterk inntrykk gjer også statua av ei mager bondejente som står ved inngongen til minnesmerket. Blikket er tomt og bedande !
Under minnesmerket er det eit museum med bilet, film og ikkje minst protokollar med navnet til identifiserte offer frå svoltkatastrofen.

Holodomor  var ingen naturkatastrofe, men ein nøye planlagt drap på ei heil befolkningsgruppe, dei ukrainske bøndene. Det var politikken til det kommunistiske totalitære systemet leia av Josef Stalin.
Kor mange som omkom av svolt er usikkert, det er snakk om opp mot sju millionar. Særleg hardt gjekk det ut over barn og unge, av årskullet fødd i 1933 omkom sytti prosent! Ukraina vil ha dette godkjent som folkemord - genocide, frå russisk side blir det hevda at dette var noko som ramma fleire folkegrupper, ikkje berre ukrainarar.

Holodomor er nok dessverre lite kjent i vestlege land sjølv om politikarar blir tekne med til minnesmerket når dei er på offisiell vitjing i Ukraina. På same måte som Holocaust er det eit uttrykk for eit totalitært regime sin ideologi der enkelt menneske har null verdi og der ein med rasjonelt overlegg tek livet av millionar av uskuldige. Vi må aldri gløyma, difor er minnesmerka så viktige, Holodomor minnesmerket og dei mange Holocaust minnesmerka.

                  

Den sveltande bondejenta



                                           Holodomor  minnesmerket

                                          Det gyldne kornet under gitter



                                    Fuglane som gradvis løftar seg mot fridom

                                Inngongen til museet under minnesmerket



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar