fredag 19. januar 2018

Karmels regel

"Den opprinnelige regel
for den Salige Jomfru Maria
av Karmelbergets Orden
gitt av den hellige Albert,
Patriark av Jerusalem,
korrigert, endret og stadfestet
av Innocens IV."


Kvar klosterorden har sin regel eller konstitusjon som gjev konkrete retningslinjer for livet i klosteret.
Ofte er denne regelen skreve av grunnleggaren av ordenen og seinare godkjent av paven. Slik er det ikke i Karmelittordenen, regelen er formulert av ein utanforståande  på oppfordring av ei gruppe einebuarar som hadde slått seg ned ved Karmelberget nord i Israel. Patriarken Albert formulerte ein kortfatta regel som seinare  vart stadfesta av pave Innocens IV. Regelen har vore førande for ordenen frå dei første munkane forlet Karmelberget og slo seg ned i Europa og fram til dei har spreidde seg utover heile verda i dag.
I fjor kom ei norsk omsetjing av Karmels regel på St. Olav forlag. Det er ei vakker lita bok med regelen på latin, norsk og engelsk. Innimellom finn vi bilete frå Karmelberget og frå karmelittklosteret i Tromsø. Boka er og til minne om henne som omsette regelen til norsk, sr. Maria Nada av Inkarnasjonen OCD (Marit Flagstad 1926 -2005). Ho gjekk inn i ordenen som godt vaksen og fekk den siste delen av livet der. Som norsktalande var ho til stor hjelp for at dei polske søstrene skulle finna seg til rette i Tromsø.
Boka innheld også ei føreord av kardinal og biskop Anders Arborelius OCD. Han spør innleiingsvis:
"Hva er så Karmelittordenens store oppdrag i Kirken ? Hva  er det denne ordenen kan gjøre for at Kirkens oppdrag skal bli tydelig ? "  Både regelen og Karmelittordenens historie gjev eit klart svar på dette: Karmel er der for å be, be dagleg, be heile tida , be tidebønene men vel så viktig den indre kontemplative bøna. Karmels kall er bøn, ei bøn som er med på å bera kyrkja både i motgong og medgong.
Biskop Anders  peikar vidare på  sentrale element i regelen og i Karmels spiritualitet: det mystiske, det bibelske, det kristosentriske, det asketiske, og sist men ikkje minst den vekt vi legg på profeten Elias og Guds Mor Maria (Vår Frue av Karmelberget). Maria har ein heilt unik plass i Karmel, ho er ordenens evige vern, ho er "Flos et regina Carmeli" ( Karmels blom og dronning).
Denne vesle boka blir nok ingen "bestselgar", men for dei som opnar henne vil ho bli til stor inspirasjon i det andelege livet.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar