mandag 22. januar 2018

Fra Luther til Peter

"Fra Luther til Peter" med undertittelen " En pilegrims bekjennelser" er tittelen på  tidlegare prest i Den norske kyrkja Dag Øivind Østerengs bok som kom på  Efrem forlag i fjor. Østereng fekk ein del publisitet i media, mellom anna Ole Torps intervju med han på TV, då han valgte å slutta som prest og gå ut av Den norske kyrkja. Hausten 2016 vart han teke opp i Den katolske kyrkjas fulle fellesskap. Han hadde ein relativt lang veg å gå, ein lang prosess å arbeida seg igjennom, men det var ein prosess som hadde ein raud tråd  der blikket heile tida var festa på han som er truas opphavsmann og fullendar, Jesus Kristus.  For Østereng er det ei trusvandring, ei pilegrimsvanding der det nok i periodar ser mørkt ut, men der han aldri tapar hovudperspektivet. Til slutt når han målet slik alle pilegrimar vonar når dei er undervegs, men det har og sin eigen verdi å vera undervegs, det kan bli ei verdfull erfaring å ta med seg!

Dag Øivind Østereng  har sin bakgrunn i Norsk Luthersk Misjonssamband, bestefaren var Øivind Andersen, rektor ved Fjellhaug skoler, som kom til å prega fleire generasjonar av forkynnarar og misjonærar. Her hadde han sin plass, men etterkvart melde tvilen  seg, var Ludvig Hopes lågkyrkjelege og spiritualistiske kyrkjesyn haldbart utfrå Bibelen. Østereng kjem fram til at det er det ikkje, og han byrjar på teologistudiet ved MF med tanke på presteteneste. Det blir hans første "exodus" frå Misjonssambandet til Den norske kyrkja, hans neste "exodus" blir eit langt større sprang. Han byrjar presteteneste i Ulvik og trivst med det, men han ser med uro på den liberale utviklinga i kyrkja. Fleire gonger siterar han den store katolske  forfattaren C.K. Chesterton:  " I virkeligheten har vi ikke bruk for en kirke som har rett, der vi selv har rett. Det vi trenger er en kirke som har rett, der vi selv tar feil."  Han ser på situasjonen i kyrkja som ei krise som ikkje berre er ei rein teologisk krise men vel så mykje ei ordningsmessig krise. " I Den norske kirke har vi egentlig bare hatt superintedenter, kongelige embetsmenn, og ikke biskoper i apostolisk mening." blir hans konklusjon etter å ha gått grundig inn i dei bibelske tekstane. "Simon Peter har en tydelig lederrolle blant apostlene. Sammen med Simon Peter er det også et trekløver i lederskapet, med Jakob og Johannes."

Det blir teologisk og ordningsmessig stadig vanskelegare å vera prest i Den norske kyrkja, ei stund prøver han saman med andre konseravtive prestar å arbeida mot denne utviklinga i fellesskapet " Carissimi". Etter kvart innser han at heller ikkje dette fører fram, og han minnest pater Arnfinn Harams ord:"Dere kommer ikke til å få noe gjennomslag hos biskopene."
Med kyrkjemøtets vedtak om likekjønna ekteskap er det ingen veg tilbake for Østeren, hans andre "exodus" blir ein realitet. Alt lenge har han nok visst at vegen vidare går mot katolisismen. " Min utgang av Den norske kirke gjorde jeg som prest. Det var en del av mitt hyrdekall å gå til Den katolske kirke." Han ser at han er ved målet for pilegrimsvandringa, iallfall det jordiske målet, for frelst er vi først ved den endelege målet.

Det er ei viktig bok  Dag Øyvind Østereng har skreve, ei bok som burde ha interesse ikkje bare for dei som har gått same veg som han, men og aktive traunde i såvel Misjonssambandet som Den norske kyrkja.
Boka er detaljert og grundig, kanskje vel detaljert med hensyn til interne prosessar i kyrkja som utgjer den midtre delen av boka, her fall eg litt av lasset. Men dei to første og fire siste kapittela gav meg mykje. På slutten går han i detalj gjennom det som er viktige skilje mellom protestanstisk og katolsk lære og tradisjon.Det blir ei kort truslære i seg sjølv. Han refererar hyppig til Chesterton og  kardinal Joseph Ratzinger (pave Benedikt), og det ein kanskje kunne savna er referansar til vidare katolsk lesing som har påverka han og kva eventuelt personlege samtalar med andre katolikkar har betydd i denne prosessen.

Han innleiar med eit Chesterton sitat og det kunne passa å avslutta med det her: "Den katolske kirke er den eneste makt som kan frelse en mann fra det nødvendige slaveri som heter å være barn av sin tid."








2 kommentarer:

  1. Takk for denne Frode. Eg skal kjøpe boka. Det var flott å høyre Østereng på TV

    SvarSlett
  2. Du kan låne boka men akkurat no er ho utlånt til ein kollega! Helste på Østereng i stavanger i fjor,!

    SvarSlett