søndag 21. februar 2016

Snåsamannen. Mirakel eller empati ?

Margreth Olins film om Snåsamannen - Joralf Gjerstad er å langt sette av nær 150.000 personar, uvanleg til å vera ein dokumentarfilm. Tidlegare har bøker om Joralf Gjerstad vorte seld i store opplag og mange titusen har opp igjennom åra oppsøkt Snåsamannen på heimstaden hans i von om at han kan gje dei eit betre liv. Kva er det som gjer denne mannen så spesiell, for noko må det vel vera, han kan vel ikkje bare ha dreve med humbug gjennom eit snart nittiårig liv ?
I eit intervju seier Margreth Olin følgjande: "Jeg tror Joralf har en sjelden evne til å se og anerkjenne mennesker. Slik setter han livskreftene i sving i folk, og hjelper dem til å håndtere sykdommen eller livstilstanden sin på en bedre måte. Han viser omsorg og nestekjærlighet, og møter mennesker med ømhet. Jeg tror han bidrar med noe som mange med kronisk sykdom trenger."
Det var vel også dette inntrykket ein fekk etter å ha sett filmen, her opplevde vi ein mann med ei uvanleg evne til å sjå og koma i møte dei menneska som han møtte. Han hadde ei utstråling som gjorde at dei han tala med umiddelbart vart avslappa og følte seg vel. Meir mystisk enn  det treng det ikkje å vera. Dette er ei evne som mange har, også i helsevesenet får vi tru, men Joralf Gjerstad har det i utprega grad !  Kall det gjerne placebo effekt, men det er uansett ingen tvil om at dette er krefter eller skulle ein heller seia utstråling, som kan ha ein lækjande verknad på  medmenneske. Kanskje er det resultat av evolusjon og genetikk, kanskje er det tillært ved gode føredøme i ein harmonisk barndom ? Kanhende kan ein også til ein viss grad læra seg ein slik lækjande  måte å kommunisera på ? Det treng  ikkje  vera noko hokus-pokus, men  sterk vilje til å visa empati og omsorg.

Om det ein sjeldan gong førekjem det ein kallar mirakel blir uansett eit trusspørsmål. Om Snåsamannen har utført slike mirakel veit eg ikkje, det viktigaste er vel at han er ein mann med stor omsorg og empati. I den katolske kyrkja trur ein at mirakel førekjem om enn svært sjeldan. Dokumentasjon av mirakel er ein viktig del i den prosessen som fører fram til kanonisering, at ein person blir erklært som helgen. Helgenkulten oppstod i dei første hundreåra etter Kristus som lokale tradisjonar, det eksisterte ingen formell helgenkåring. Først i 1234 kom pave Gregor IX med ein prosedyre for kanonisering. Frå midten av 1600 talet gjorde pave Urban VIII det obligatorisk med deltaking av medisinsk ekspertise i denne prosessen. I 1948 oppretta så pave Piua XII ein medisinsk kommisjon ved sida av den teologiske kommisjonen. Seinare pavar har modifisert regelverket, og i dag spelar den medisinske kommisjonen ei heilt sentral rolle i prosessen som leiar fram til helgenkåringa. Om lag 40-50 saker blir granska kvart år, dei fleste blir avvist avdi dei blir funne å ha ei naturleg forklaring. Gangen mot kanonisering startar i det lokale bispedømet der det blir samla informasjon som så blir oversendt Vatikanet. Det første steget er saligkåring, til det trengst det eit dokumentert mirakel som nesten alltid dreier seg som alvorleg sjukdom der det ikkje går an å påvisa ein naturleg grunn til at personen har vorte frisk. Men først må mirakelet gjennom ei nitid gransking både av den medisinske og den teologiske kommisjonen, der dei fleste fell igjennom. Neste steg i prosessen er kanoniseringa eller helgenkåringa, til det trengst det enno eit mirakel utført på helgenens forbøn. Dette blir naturleg nok granska like nøye som det første. Pave Johannes Paul II vart erklært som helgen 27. april 2014, ni år etter sin død. Det første godkjente mirakelet var Sr. Marie, ei fransk nonne som på  i 2005 på mirakuløst vis vart frisk av alvorleg parkinsons sjukdom. Det andre godkjente mirakelet var Floribeth Mora, ei kvinne frå Costa Rica som hadde ei utposing på  ei av pulsårene  i hjernen som ikkje kunne opererast. Etter å ha bedt om Johannes Paul forbøn vart ho frisk.
Eit spørsmål om tru ? Ja, det meste kan forklarast "naturleg"(kva no det er), men ein svært sjeldan gong får vi kanskje små teikn som hjelper oss litt på veg ?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar