mandag 30. november 2015

Nuestra Senora del Pino

Teror  er ein liten by på vel 13000 innbyggjarar nord på Gran Canaria. Sentralt i byen som også blir kalt "La Villa Mariana" finn vi basilikaen vigd til "Nuestra Senora del Pino" (Vår Frue av furuene, eller Pinjejomfruen). Byen er Gran Canarias religiøse sentrum, og Pinjejomfruen vart i 1914 utnemd til øyas skytshelgen av pave Pius. Festdagen er 8. september, då møtest pilegrimar frå heile øya i Teror for å feira Nuestra Senora del Pino. Madonna statua i kvitt gull som vanlegvis står over alteret i baslikaen blir bore i prosesjon gjennom byen, men før det har statua hatt eit opphald i Santa Ana katedralen i Las Palmas.
Bakgrunnen for denne feiringa må vil tilbake til 1481 for å finna. Ein gjeter skal då ha fått eit syn av Jomfru Maria i eit furutre på den staden der basilikaen ligg no. Det vart reist ei kyrkje på staden til minne om dette, den som står der no skriv seg frå 1708. Som ofte er tilfellet vaks det fram ein sterk folkeleg kultus med utgongspunkt i denne hendinga.
Sjølv ein litt kjøleg novemberdag(byen ligg 600 meter over havet) gjorde det sterkt inntrykk å gå inn i basilikaen og stilla seg framom barokkalteret med Nuestra Senora del Pino. Det vart ei fin innleiing til Adventstida.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar