lørdag 31. oktober 2015

Nye helgenar: Zelie og Louis Martin

2015 har vorte eit viktig år for  alle karmelittar. Vi har feira 500 års jubileet for Teresa av Avila sin fødsel i 1515. Minnedagen 15.oktober som eit høgdepunkt. Så har vi fått ein ny helgen, palestinske søster Mariam som vart heilagkåra 17. mai (eg har tidlegare skreve om henne). Og til slutt under familiesynoden i Vatikanet no i oktober vart foreldra til vår store helgen Therese av Jesusbarnet Zelie Guerin Martin og Louis Martin heilagkåra av pave Frans. Det vart dei ikkje avdi dei er foreldre til Therese, men  avdi dei i seg sjølv er eksempel til etterfølgjing. Det vart sagt at dei var "eksemplariske i alt", ikkje minst i sitt ekteskapelege samliv. Begge var svært fromme og hadde i utgongspunktet tenkt seg klosterlivet, men vart ikkje funne eigna til det, istaden vart det til at dei levde ut sitt kall i familielivet ! Dei vart gift i 1858 og fekk ni born, fem døtre levde opp og vart alle ordenssøstre. Den yngste var Therese som vart fødd i 1873, Foreldra var då alt godt opp i åra, mora var  42 år og faren 50 år. Berre fire år seinare døydde Zelie av kreft og Louis stod att åleine med fem døtre mellom sytten og fire år. Dei flytte då til svoger og svigerinne i Lisieux der Therese vaks opp og etterkvart gjekk inn i Karmelklosteret. Louis levde til 1894, då han døydde svært skrøpeleg etter fleire alvorlege slagtilfelle. Dattera Celine var hos han til det siste, men etter farens død valde ho og å bli karmelittnonne.
Saligkåringsprosessen vart innleia alt på femtitalet, og etter eit stadfesta mirakel vart dei saligkåra i 2008. Etter det andre mirakelet, vesle nyfødde Carmen i Spania vart på uforklarleg vis frisk, vart det avgjort at dei skulle heilagkårast saman. Berre få ektepar har vorte dette til del tidlegare.
Det skjedde altså 18. oktober i år på Petersplassen. Det var nok ikkje tilfeldig at dette skjedde under familiesynoden,ekteparet Martin vert framheva som eksempel til etterfølgjing for alle par.
Under heilagkåringssermonien deltok begge borna som vart lækte på mirakuløst vis, saman med familiane sine!


"Dieu m`a donne un pere et une mere plus dignes du Ciel que de la Terre"
(Gud har gjeve meg ein far og ei mor meir verdige for himmelen enn for jorda)
Sitat fra Therese som er skreve inn på gravsteinen til foreldra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar