søndag 27. oktober 2013

Poetica:Attende


                                  Attende.



                                    Tett bjørnebærris

stien nesten attgrodd

skarpe torner rispar foten

bjørkeskogen har skote i veret

og dekkar nesten utsynet

mot fjorden stille og haustblank

langt der ute

kransen av holmar

pryda med glattskurte berg

kvilande i skuggen

no når sola står lågt

men slik er det

du kjenner att alt dette

sansane lever

bilete løfta frå djupe lag

eit varleg pust

lyset frå akkurat den kanten

dei kjende luktene

lyden av bekken

som snor seg varleg langs stien

for så å gjera eit brått kast

over berget like under.

Alt er som før

nesten som før

når stien vidar seg ut

ein grasvoll å trø over

ein himmel å undrast under

eit berg å stryka sorga på.






1 kommentar: