onsdag 24. august 2011

Praha

Praha i august. Ein moderne europeisk storby, men fortida er sterkare tilstades enn dei fleste andre stadar. Meir enn tusen års historie, ei mengde historiske bygningar: slott, borger, tårn, kyrkjer , bruer. Og tilsvarande historiske årstall, merkeleg nok ender dei stort sett på 8, 1618, 1748, 1918, 1938, 1948 og som mange minnes 1968. Prahavåren som brått tok slutt då Warzawapakta okkuperte Tsjekkoslovakia 21.august dette året. Vi går frå det storslåtte Strahov klosteret nedover gjennom Petrin parken mot gamlebyen.

I utkanten av Petrin parken er det eit minnesmerke som vart avduka i 2002." Monument over kommunismens ofre." Historien blir nær, fridomen er ikkje noko som er sjølvsagt.



Karlsbrua( Karluv most) som fører over Vltava frå Mala Strana til Gamlebyen er kanskje Prahas mest kjente monument. Tek ein til venstre etter å ha gått over brua kjem ein til Det jødiske kvarteret. Ein gong ein getto, men på 1800 talet ein del av Praha med eit levande jødisk samfunn. I dag er her knapt jødar igjen, dette er eit museum, eit minnesmerke over ein kultur som er blitt borte frå Europa. Den gamle jødiske gravplassen, navna til alle holocaust-offera på veggene i Pinkas synagogen, barneteikningane frå Theresienstadt, alt vitnar om det grufulle som bare ligg knappe 70 år tilbake i tida.
Tilbake i notida: bytorget er varmt og tett med folk, det astronomiske uret i rådhuset markerar kvar time og Vltava flyt tidlaus og stille gjennom byen.



1 kommentar:

  1. Spennende historie om Praha! En nydelig by fullspekket med historie.

    SvarSlett