torsdag 4. august 2011

Bøkeskoglandet


Den jødiske, tysktalande  lyrikaren Rose Ausländer vart fødd i bøkeskoglandet, Bukovina i 1901  og døydde i Tyskland i 1988. Då ho vart fødd lågt Bukovina aust i dobbeltmonarkiet  Østerike-Ungarn,  seinare bytte området herskarar fleire gonger og ligg no i Ukraina.  Bukovina  er Rose Ausländers ”grønne mor” som ho stadig vender tilbake til i  dikting si .  Bukovina er bøkeskoglandet ved Karpatene og elva Prut,  det er og eit land med legender, eventyr, song og mystikk. Og ikkje minst var det eit heterogent ” firespråksland”,  her vart det før krigen tala tysk, jiddisch, rumensk og russisk, kanskje også hebraisk og ungarsk.
Rose Ausländer frydar seg over barndomen i  dette multikulturelle samfunnet ,og seinare  lengtar ho tilbake i diktinga si men då er Bukovina  tapt for alltid  .  Bukovina og hovudstaden Czernowitz var sentrum for ein rik jødisk kultur,  ikkje minst den jødiske mystikken, kabbalismen, blømde her og Bukovina  hadde mange  vismenn og mirakelrabbinnarar. I 1941 var det slutt, då vart jødane deportert og utrydda av ”mesteren fra Tyskland ” som ein annan diktar frå dette landet skriv, nemleg Paul Celan.  Paul Celan betydde mykje for Rose Ausländer og sjølvmordet hans i 1970 var eit stort sjokk for henne
Rose Ausländer levde i eksil det meste av livet, dels i USA , dels i Europa. Ho var ein nomade som aldri slo seg nede, men levde uavbrote på reisefot. Men ho skreiv heile tida, ein straum  av poesi. Ein poesi som minnar om det tapte, det amputerte Europa og som samstundes hyllar eit samfunn der menneske med ulike kulturar og språk lever fredeleg saman . Diktet ”Bukovina” er eit døme på det:

”Grønne mor
Bukovina
Sommerfugler i håret

Drikk
sier solen
rød melonmelk
hvit maismelk
jeg har gjort den søt

Fiolette grankongler
luftvinger fugler og løv

Karpaterryggen
Innbyr deg
faderlig                                                                                                                                  
til å bli båret

Fire språk
firespråkssanger

Mennesker
som forstår hverandre.”


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar