søndag 22. april 2012

Poetica:Bronsealderfoten


                                            Bronsealderfoten

                     Er dette tidløysa

                           eller berre ein liten flik

av den store forteljinga ?

Bronsealderfoten

avtrykket så mykje mindre

enn min eigen fot

varleg skrapt ut av gråstein

ikkje tilfeldig

ikkje utan ferdigheit

og heller ikkje utan tru

ei stor tru på varmen

frå den glødande solkula

som på midtsommardagen

den lengste dagen

varleg let flammehavet gli ned

bak horisonten

sløkt i bølgjene

i von om ei ny oppstode

eit nytt liv

neste morgen neste år

den vesle foten

som ber den store trua

peikar rett på augneblinken

der sol og hav vert foreina

og gjentek seg

inntil tida tek slutt

blir ein del av

mi vesle forteljing

der eg denne tidlege vårdagen

sveipt i nordvest og solforgylt

let foten trø ut av tida

kvilande i tidløysa.





Helleristningane på Penne mai 2010













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar