lørdag 28. april 2012

William Blake

To see a World in a Grain of Sand
And a Heaven in a Wild Flower,
Hold Infinity in the palm of your hand
And Eternity in an hour.

(Å sjå ei verd i eit sandkorn
og ein himmel i ein vill blomst,
halde det uendelege i handa
og det evige i ein time)
Tor Obrestad si omsetjing

Dette vesle verset som innleiar William Blakes (1757-1827) dikt  "Auguries of  Innocence" vart eg så
oppteken av at eg lærte det utanatt  for mange år sidan. Det seier ein del om kor vidt William Blake favna som kunstnar, som visjonær og som menneske engasjert i si samtid.
Han var ein av dei største  både som biletkunstnar og som ordkunstnar, men og så mykje meir.
William Blake viste ei forståing av både psykologi, sansing og erkjenning som ligg nærare vår tid enn 1700 talet. Han hadde eit sterkt sosialt engasjement som sprang ut av all den fattigdomen og uretten han såg omkring seg i Londons  gater, og få var det vel i hans samtid som var istand til å sjå det vesle barnet slik han gjorde. Det er vakkert skildra i "Sings of Innocence and of Experience." som han illustrerte med eigne kopartrykk.
Sjølv om mykje  ved Blake kan verka moderne henta han sin inspirasjon frå kjelder som er uforståelege for dei fleste i vår tid. Blake var mystikar, visjonane kom til han heile livet og var hans viktigaste inspirasjonskjelde. Som barn kom han heim og fortalde at han hadde sett eit tre full av englar, og profeten Ezekiel under ei grøn grein. Fantasi og hallusinasjonar i moderne terminologi, men for Blake var alt levande sanseinntrykk som han med intens konsentrasjon gjorde til stor kunst.



William Blakes  "Ancient of days"  (Daniels bok kapittel 7)


Blake illustrerte dikta  og trykte dei som koparstikk. Eit døme er The Chimney sweeper, eit dikt med klar sosial brodd mot barnearbeidet som var utbreidd i London på den tida. Men som også er aktuelt i vår tid.


Ein liten svart ting i snøen stod
ropte og skreik i stønn av blod.
Sei meg , er far din og mor di her ?
Dei gjekk for å be borti kyrkja der

Fordi eg smilte i vinterens snø,
og dansa glad omkring ein gong,
kledde dei meg i klær av død
og lærde meg livsens sørgje-song.

Fordi eg er glad og dansar som best,
trur dei dei gir meg gode kår,
og lovprisar Gud og hans Konge og Prest
som lagar ein himmel av nauda vår.
,

Mange av dikta i "Songs of Innocence and Experience" handlar om glede, barn og natur.Men og skuggesida: sosiale stengsler, fattigdom og urett. Samstundes er her noko som peikar utover mot det store andelege kosmos som han skulle utforska i sine seinare og meir utilgjengelege verk, men og noko som peiker innover i det minst like store  umedvitne sjelelandskapet.



Nurses Song


When the voices of children, are heard on the green
And whisprings are in the dale:
The days of my youth rise fresh in my mind,
My face turns green and pale.


Then come home my children, the sun is gone down
And the dews of night arise
Your spring & your day, are wasted in play
And your winter and night in disguise



,

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar