tirsdag 3. april 2012

Reservasjonsrett og sekularisme

I oktober i fjor kom det eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet som kraftig strammar inn fastlegars rett til å reservera seg mot prosedyrar som skaper samvitskonfliktar. Det dreier seg i første rekkje om henvisning til svangerskapsavbrot og assistert befruktning, men og tildømes tidleg ultralyd med tanke på å oppdaga foster med avvik. Utspelet frå departementet har skapt sterk debatt, og meir enn 500 legar og helsearbeidarar har skreve under på eit opprop mot denne innskrenkinga av samvitsfridomen. Statsministeren karakteriserar samvitsvanskar som " privat syn " og statssekretær Robin Kåss hevdar at fastlegar som ikkje rettar seg etter departementet sine lover og forskrifter må slutta i yrket.
Professor og fastlege Eivind Meland   har ein innsiktsfull kronikk  med overskrifta: " Autoritær makt forkledd som godhet."  Her skriv han mellom anna følgjande:" Skal fastlegeordningen ivareta sitt samfunnsoppdrag, må samvittighetsfrihet, frimodighet, respekt og barmhjertighet prege tjenesten. Det kan man ikke få til med Robin Kåss metoder." Forfattar Kaj Skagen set det heile på spissen og skriv om  at " Du skal ikke ha andre guder enn staten."
Kan ein sjå dette i ein større samanheng der sekularismen er i ferd med å bli einerådande som samfunnstyrande ideologi ? (då tenkjer ein Ves-Europa ikkje resten av verda) Religionen er litt etter litt blitt henvist til privatsfæren, og i realiteten blir religionsfridomen sette under press. Menneskerettane  har allmenn oppslutning både blant religiøse og sekulære, men vi kan sjå for oss eksempel  der dei kolliderar med samvitsfridomen. Det blir aktualisert når Europarådets parlamentarikarforsamling i 2007 krev at religiøse leiarar skal ta "utvedtydig standpunkt  til fordel for menneskerettigheter over alle religiøse prinsipper."
Religiøse symbol vert forbode i det offentlege rom, ikkje berre hijab men og kristne symbol. I England har folk mista jobben for å ha bore kristne symbol, og kor mange jødar vågar å gå med davidsstjerne i dagens  Europa ?
Ser vi konturen av ein sekulær stat  stat som gjennom eit uttal lover og forordninger detaljregulerar alle område i samfunnet  dermed legg opp til ein konformitet som alle må retta seg etter. Aldous Huxleys " Brave new world"  ?
Kvar blir det av samvits- og religionsfridomen oppi alt dette ? Fridom som privatisert rett til å ha meiningar og delta i religiøse sermoniar, men ikkje til å gje uttrykk for meiningar i det offentlege rom som går mot det staten og majoriteten held for det einaste rette.  Og i enno mindre grad  retten til å avstå frå pålagte handlingar som går mot den djupaste personlege overtydinga.
Viktigare enn nokon gong blir det då å stå opp for retten til å hevda synspunkt i det offentlege rom  som går på tvers av staten og fleirtalet, og å løfta fram samvitsfridomen som eit absolutt gode som må respekterast.

1 kommentar:

  1. Det er fortsatt mulig og viktig å signere på www.samvittighetsfrihet.org, om man støtter saken!

    SvarSlett