søndag 29. april 2012

Cet amour de la musique


Cet amour de la musique (denne kjærleiken til musikken) var tittelen på ein fransk TV dokumentar om pianisten Hélène Grimaud som vart sendt  tidlegare denne månaden. Kanskje er det den beste karakteristikken av henne, denne kjærleiken, denne pasjonen for musikken.

Hélène Grimaud er i dag ein av verdas mest anerkjente pianistar med vel 100 konsertar i året med  alle dei store dirigentane og orkestra. Ho vart fødd i 1969 i Aix-en-Provence av ikke musikalske foreldre  med jødisk  bakgrunn. Ho var ikkje  eit bråmodent vindunderbarn, hennar talent vart  oppdaga nærast ved ein tilfeldighet. Etter kvart vart ho teke opp ved Paris konservatoriet, og kunne i 1987 debutera som konsertpianist med Orchestre de Paris dirigert av Daniel Barenboim. Seinare har det blitt mange CR innspelingar og uttalige konsertar.

Hélène Grimaud har blitt karakterisert som utradisjonell og nyfortolkande, mange har samanlikna henne med den myteomspunne kanadiske pianisten Glenn Gould.

Eg lyttar henført til den siste live innspelinga hennar frå ein konsert i Mὔnchen i fjor, Mozarts pianokonsert  nr. 19 og 23.
http://www.youtube.com/watch?v=j8e0fBlvEMQ&feature=results_video&playnext=1&list=PL60C5EE891105AE4C




Hélène Grimaud har og eit sterkt engasjement i noko som tilsynelatande ligg langt frå klassisk musikk, nemleg vernet av ulven. Ho har grunnlagt Wolf Conservation Center nord for New York.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar