onsdag 17. juni 2015

Totus Tuus

Karmelitt klosteret "Totus Tuus" (heilt din) i Tromsø juni 2015. Det er fleire år sidan eg var her sist, det gjer god å koma tilbake til denne plassen vigd til bøn og tilbeding.
Karmelsøstrene kom til Tromsø frå Island i 1990 etter invitasjon frå biskopen. Eg fann nyleg eit utklipp frå Vårt Land ovember 1990 med ein fin liten reportasje om søstrene som då ikkje hadde sitt eige kloster, men mellombels heldt til i eit bustadhus.
I 1992 fekk dei tomt til nytt kloster i Holtvegen, to år seinare starta byggearbeidet og 1995 flytta dei inn i eit uferdig råbygg. Klosteret og kyrkja vart innvigd i 1998. I dag er det 15 søstre som her lever etter Karmels regel. Det er det først og  einaste karmelittklosteret i Norge, Karmelittane kom heller ikkje til Norge i Mellomalderen så vi fekk ikkje del i tradisjonen som kan førast tilbake til dei første munkane på Karmelberget i Palestina på 1100 talet.
Klosteret er som alle fleste karmelkloster vigd til Jomfru Maria som har ein spesiell posisjon i karmelittisk spiritualitet. Navnet på klosteret er  "Totus Tuus Immaculatae Virginis Decoris Carmeli"
(Helt Din, Du uplettede Jomfru, Karmels pryd) forkorta til "Totus Tuus".






Frå det lauretanske litani:


Be for oss, Guds Hellige Mor.
At vi må bli verdige
til Kristi løfter.

Herre, vår Gud, gi at vi, dine tjenere, alltid må glede oss ved sjelens og legemets helse. Vi ber deg: Fri oss på forbønn av den salige jomfru Maria fra sorger her på jorden, og skjenk oss den evige glede i himmelen. Ved Kristus , vår Herre. Amen.

søndag 7. juni 2015

Sakramentsprosesjon

Festen for Kristi lekam og blod med barnas første kommunion.
Etter messa sakramentsprosesjon gjennom Kristiansand frå Domkyrkja til St. Ansgar.
Fin tradisjon som har vore vanleg i katolske land men dei siste åra også har vorte gjennomført i norske byar, i år også i Kristiansand.





"Pange, lingua, gloriosi Corporis
mysterium, Sanguinisque pretiosi,
quem in mundi pretium fructus ventris
genrerosi Rex effudit gentium."

( Pris med hjertets jubeltoner Kristi legems
herlighet, og hans blod som oss forsoner,
skjenket oss til salighet. Pris det Sakrament
som kroner verdens Konges kjærleighet)

onsdag 3. juni 2015

Mariam - Den heilage Andes evangelist

Den heilage Mariam av den krossfesta Jesus OCD som vart helgekåra 17. mai i år har vorte kalla Den heilage Andes evangelist eller profet. Eit klart uttrykk for hennar nære relasjon til den tredje personen i Treeininga finn vi i en vesle bøna eg har teke med under i svensk omsetjing.
Som palestinsk kristen og karmelittnonne framstår Mariam også som ein viktig brubyggjar mellom kyrkjas austlege og vestlege grein.
Mykje i livet hennar, spesielt dei ekstraordinære nådegåvene, kan verka framande og merkelege for dei fleste i vår tid, og heng vi oss opp i stigmata, ekstase og levitasjonar får vi ikkje med det underliggjande og mest vesentlege. Mariam var lik alle store helgenar ei kvinne prega av absolutt og total tillit til Gud. Gud var hennar eine store kjærleik som fylte livet totalt  heile tida. " I henne talar alt om Jesus" sa pave Johannes Paul i samband med saligkåringa i 1982.





Bön til den Helige Ande


Helige Ande, inspirera mig,

Guds kärlek, förtär mig.

På den sanna vägen, led mig.

Maria, min Moder, se på mig,

med Jesus välsigna mig.

Från alt ont, för all förvillelse,

och från all fara, bevara mig.

 

mandag 25. mai 2015

Ei flukt frå røyndomen ?

Mange vil i dag hevda at religionen er ein flukt frå røyndomen, ein flukt frå det verkelege livet vi lever her og no. Den religiøse lever i ei framtidig paradisisk førestilling og fjernar seg dermed frå det eigentlege livet. Men kanskje er det eigentleg motsett, kanskje er det den sekulære  rasjonalisten som er den som flyktar frå røyndomen ?
Ein av dei som klarast har formulert eit svar på dette er forfattaren Sven Kærup Bjørneboe, ikkje så kjent som sin onkel men like opprørsk og viljug til å gå på tvers av den allmenne oppfatninga.
Og få har vel skreve om "skjærgårdsfolket" på Sørlandet med så stor varme og innsikt!
Her frå boka "De siste spørsmål" som kom i 1999.

"Religion, det religiøse..............en flukt ? En flukt frå den virkelighet som var for tung å bære ?
Men religiøse var jo først og fremst de som slapp livet inn på seg for full styrke, og nådde frem til hendelsene og tingene. Religiøse fordi de ikke kunne flykte, og ikke kunne trekke seg ut. De gikk til bunns, utan rasjonell forklaring på, eller rasjonelle bortforklaring, av livet. De var realister med hud og hår og ånd.
De religiøse var de som tilla hendelsene betydning. For dem var sorg og glede, drift og sanselighet svangre med mysteriøs hinsidighet, ved selve det alvor de virket på en. De sank til bunns på nåde og unåde, ned i det reelle, ned dit hvor gudenen venter og tar oss i favn."

Tidlegare tiders menneske forstod dette reint intuitivt.
" I enhver annen epoke enn vår ville det vært utenkelig å bruke virkeligheten som argument mot religionen. "De religiøse flykter frå det virkelige......"
I enhver annen epoke enn vår har folk visst, og respektert, at den sterkt religiøse også ble religiøs fordi han var rammet desto sterkere av denne vår felles gitte virkelighet, og dermed også en større realist."
Denne røyndomen er ikkje nødvendigvis dei store grensesprengane metafysiske opplevingane, kanskje tvert imot er det mest mysteriøse dei små daglegdagse hendingane, alt dette som utgjer "Denne underlege reisa" som vi vart kasta inn i og prøver så godt vi kan å fullføra. Dette er røyndomen som vi i vår rasjonelle overtru innbiller oss at vi forstår, men like under er ein avgrunn der vi fell inn i mysteriet og kanskje vert fanga opp av "mykje større hender".

"Men disse hendelsene, disse konkrete nære smertefulle hendelsene våre liv består av, de er så ufattelig reelle; bare sjeldan når vi helt inn i dem."
                               Å stå ute i mørkret og sjå det vesle lyset gjennom dogga rute.

                              

Poetica:Denne underlege reisa


Denne underlege reisa


Denne underlege reisa

frå tidløysa og inn i tida

og så ein dag tilbake i tidløysa.

Du tjuvstarta litt, men det er lov

når du no smiler det første tannlause smilet ditt.

Vi let oss så lett forføra

sjølv om vi berre skal følgja deg

eit lite stykke på vegen

men vi er bundne saman i genetiske spindelvevstrådar

forankra i molekyl og DNA spiralar

ei tidlaus rekkje der lagnad lever i lagnad

minne i minne, bore av større vernande hender.

Ein dag skal minna viskast ut

trulaust forsvinna inn i haustskodda

men kva gjer no det der vi står att

og ser smilet, dei ivrig sparkande føtene

og hender som vinkar

Velkomen - Adjø !


                               Små føter på veg inn i den store framtida


mandag 18. mai 2015

Alt det kyrkja har å gje oss

Innlegg i Vårt Land i dag 18. mai.


Morten Erik Stensberg skriv i Vårt Land 09.mai at Den katolske kyrkja handtering av saka omkring medlemsregistrering har ført han inn i ei eksistensiell truskrise. Som konvertitt med litt lengre fartstid forstår eg hans frustrasjon, men eg føl han likevel berre eit stykke på veg.

Han skriv innleiingsvis at han før konversjonen kjente til kyrkjas mangefasetterte historie, alle synder og fall opp igjennom historia. Trass i det synest han å verta svært overraska over norske katolikkars feilskjer og manglar ! Kyrkja er eit byggverk av ufullkomne steinar som slett ikkje alltid passar saman, som sklir ut og rasar saman. Alle er syndarar som kjem til kort og som sviktar gong etter gong slik Peter gjorde det. Men kyrkja er noko meir, kyrkja er og eit byggverk som er grunnlagt på Kristi ord til Peter. ” Du er Peter, og på det fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne.” ( Matt 16)

Dei kristne har opp igjennom historia gjort det dei kunne for å øydeleggja kyrkja innanfrå, men dei har ikkje lukkast med det. At kyrkja likevel har klart seg er det klaraste provet på at Kristi lovnad til Peter ikkje var tomme ord. Det er etter mi meining det sterkaste Guds beviset (kanskje det einaste som held). Mor Teresa seier det slik:” Det som skjer på overflata i kyrkja vil gå over. For i Kristus er kyrkja den same i dag, i går og i morgon.”

Naturlegvis vert eg og oppgjeven og vonbroten over overgrepsskandalar og økonomisk rot, men det rokkar ikkje ved det grunnleggjande, trua er basert på Kristi lovnad ikkje på kva menneska finn på til ei kvar tid. Sjå ikkje på syndene våre men på kyrkjas tru vert det sagt i messa kvar dag.

Mange konvertittar går igjennom ein prosess som har sin parallell i menneskeleg kjærleik. Først ei forelsking som er mest basert på kjensler, næra av alt det kyrkja har å by på kan dette veksa til ein varig kjærleiksrelasjon. Det er kanskje det som har overraska meg mest, ikkje alle som fell og kjem til kort, men alt det kyrkja har å by på som næring til trua. Mysteriet i messa og sakramenta som ein opplever i den lokale kyrkjelyden, men og overalt i verda når ein er ute og reiser. Alle kyrkjas helgenar, alle bøker og skrifter, tidebønene, klostera, alle kunst, musikk og litteratur. Det dukkar heile tida opp noko nytt å gleda seg over. Akkurat no gler eg meg til 17.mai. nasjonaldagen ja, men og fordi kyrkja får ein ny helgen. Pave Frans vil helgenkåra vesle Mariam Baouardy OCD også kjent som Palestinas lilje. Ho var ei fattig og foreldrelaus kvinne frå Palestina - som vart karmelittsøster og levde eit kort og lidingsfylt liv på midten av 1800- talet. Det er ein viktig  dag for alle i Karmelittordenen. men og avdi vi kan sjå henne som eit symbol for alle forfølgde kristne i Midt-Austen i dag.
Eg vonar at Morten Stenberg kjem ut av si truskrise og igjen får auge for alt det kyrkja har gje oss.

Frode Thorup OCDS
konvertitt og sekulærkarmelitt

Melkittisk kyrkje i Ibellin der Den heilage Mariam vart fødd i 1846. Kyrkja er frå 2006.

søndag 17. mai 2015

Stein Mehren 80 år - til lukke med dagen !

Forfattaren Stein Mehren fylte 80 år 16. mai. Han er gammal og svekka no, men er ein av dei som har sett størst spor etter seg i norsk kulturliv dei siste femti åra. Det er hovudsakleg som lyrikarar han har vorte kjent, men Stein Mehren skreiv og romanar, drama og essay, i godt vaksen alder debuterte han også som biletkunstnar. Han debuterte med diktsamlinga "Gjennom stillheten en natt " i 1960, seinare har det vorte over 30 diktsamlingar. Stein Mehren gjekk sin eigne vegar uavhengig av det som har vore dei rådande retningane i tida. Medan andre forfattar skreiv politisk litteratur heldt Stein Mehren seg til dei tidlause poetiske tema, naturen og vår plass i den, døden og kjærleiken, meininga med livet. Ikkje minst har han skreve om vår oppleving av naturen rundt oss, korleis sansing av alle små detaljar knyter seg til minne frå den første barndomen. "Jeg ser tilbake i min barndom, jeg ser inn i sommers saler, myldrende blader."
Han kanskje mest kjente dikt som ofte blir sitert og som og er min favoritt er "Jeg holder ditt hode." frå diktsamlinga "Mot en verden av lys" frå 1963. Det lyder slik:

"Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes, gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd"

Enkelte tekstar ligg i grenselandet mellom poesi og essay som i "Menneske bære ditt billede frem":

"I vår frigjøringsbevisste tid har vi satt friheten som dødens kontrapunkt og motsetning, frihet definert som rettigheter. Men frihetens virkelige vesen er erkjennelsen av en handlings konsekvenser - stilt overfor dødens realitet! Det er ikkje rettighetene - men, vår mulighet til å erkjenne valget mellom godt og vondt, som røper vår grad av frihet. Det er over denne avgrunnen vår lengsel strekker seg etter evig liv. Erkjennelsen av at vårt stykke evighet er noe vi kan øde på veien mot døden. Øde gjennom å øde andres. Skades gjennom å skade andre. Vår udødelige sjel, er  det ikke det i oss som nekter å ta døden opp i seg. Det som bare blir er levende fordi det vet det skal dø. Det som skal dø og som derfor vil leve. Å erkjenne dødens realitet og bli meir levende av det: Menneske bære ditt billede frem."

Ord frå 40 år tilbake men vel så aktuelle i vår tid !