tirsdag 8. september 2026

Servant of God Giancarlo Rastelli

 Det vart på 2000 talet opna ein saligkåringsprosess for den italienske hjertekirurgen Giancarlo Rastelli. Så langt er denne kome til det første stadiet- Servus Dei - Guds tjener.

Rastestelli vart fødd i den italienske byen Pescara i 1933. Han studerte medisin i Parma og starta sin medisinske karriere der. I 1961 fekk han eit stipend som førte han til den kjente Mayo klinikken i USA. Han fann sin plass i det hjertekirurgiske miljøet her, og vart snart sentral i arbeidet med medfødte hjertesjukdomar. I sitt korte liv utretta han mykje, det viktigaste var nye prosedyrar for kirurgisk korreksjon av komplekse medfødte hjertefeil, no kjent som Rastelli prosedyre 1 og 2. Rastelli var gift med Anna og hadde dattera Antonella som også utdanna seg til medisinar.

I 1964 fekk Rastelli påvist Hodgkins sjukdom- ein type lymfekreft som vi i dag har god behandling for. Slik var det ikkje på 1960 talet, Giancarlo Rastelli døydde 2. februar 1970 berre 36 år gammal. Han etterlet seg eit omdøme som ein genial kirurg og forskar, men det var ikkje alt. Rastelli var heile livet ein from katolikk som evna å sjå Kristus i alle sine pasientar. Det vart etter kvart opna ein saligkåringsprosess og han er no på det første stadiet Guds tenar.

Be for oss Guds tenar Giancarlo Rastelli!


                                            Foto: Cool catholics, Facebook

Vita mutatur, non tollitur! ( Livet  blir forandra, ikkje avslutta)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar