lørdag 17. mai 2025

Thérèse 100 år

Gratulerer med dagen! Vi feirar nasjonaldagen i strålande mai-ver og glade menneske. Andre stader og kanskje spesielt i Frankrike, er det og noko anna å feira i dag - 100 års markering av heilagkåringa av St. Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage Andlet. Det skjedde ikkje lenge etter hennar død i klosteret i Lisieux i 1897 berre 24 år gammal. Men på kort tid vart ho vart ho kjent og svært populær ikkje berre i Frankrike men over heile den katolske verda. Utgjevinga av sjølvbiografien “En sjels historie” hadde nok mykje å seia, men og eit anna fenomen som ikkje er så kjent. Det kom mange vitnemål frå soldatane i skyttergravene under Den første verdskrigen om Thérèse som støtte og oppmuntring, forbedar i dødens time, og ei rekkje mirakel. Klosteret i Lisieux fekk i periodar meir enn 100 brev om dagen frå soldatar i skyttergravene! Thérèse som var svak og sjukleg og levde livet i løyndom utan å utretta store ting, først i heimen i Lisieux og frå 15 års alder i karmelittklosteret. Men så viser ho oss den vesle vegen som står open for alle uavhengig av styrke og kva vi presterar av oss sjølve. “ De svagas styrke” skriv Wilfrid Stnissen i ei lita bok om Thérèse. Ho har revolusjonert oppfatninga av heilagdomen og vegen til heilagdom.” Det räcker med att ödmjuka sig och med tålmodig mildhet stå ut med sina fel. Det är den sanna heligheten.”

Thérèse vart i 1944 erklært som Frankrikes andre skytshelgen av pave PiusXII. Frå før er Frankrikes skytshelgen Jeanne d’Arc, altså to kvinner som begge døydde unge! St.Thérèse har inspirert katolikkar som forfattarane Paul Claudel og Georges Bernanos, filosofen Simone Weil, artisten Edith Piaf, atleten Alain Mimoun. Men Thérèses bodskap stopper ikkje ved Kyrkjas grenser, ho har utan tvil inspirert mange som ikkje deler hennar katolske tru, også ateistar. Vi er takksame for at Gud har gjeve oss ein helgen som Den heilage Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage andlet som stadig viser oss sin “vesle veg”.

Frå ei lita bok med tekster av Thérèse for kvar dag gjennom året. 17.mai:

“Eg har ikkje kunna finne nokon skapnad som elskar meg alltid, for aldri å døy. Eg treng ein Gud som tar på seg min natur, blir min bror og kan gå gjennom lidinga.”



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar