Det er gått ei veke sidan gravferda til pave Frans. Sermonien på Petersplassen vart formidla gjennom dei fleste media også NRK. Ei enkel trekiste med oppslått Bibel på lokket, omgjeven av såvel truande som statsleiarar og sentrale kyrkjelege leiarar også frå andre kyrkjesamfunn. Mange ønskte å ta avskil med pave Frans som gjorde eit sterkt inntrykk på alle som møtte han! Etter sermonien vart kista med paven køyrt gjennom Romas gater til Santa Maria Maggiore, kyrkja som var særleg viktig for paven, der han ofte kom for å be og der han ønskte å få sin siste kvilestad. Kyrkja ligg ikkje i eit velståande strøk, her er tilhald for dei som fell utanfor og som paven hadde særleg omtanke for. No kviler han i fred i denne kyrkja vigd til Maria, og med eit ikon som pave Frans vart sæskild glad i .“ Herre gje han den evige kvila, og måtte det evige lys skinna for han!”
Verdas fokus var retta mot pave Frans gravferd for ei veke, i dag er det konklavet som skal samlast 7. mai som verdas merksemd rettar seg mot. 133 kardinalar under 80 år, to var for sjuke til å koma, skal samlast i Det sixtinske kapell for å avgjera kven som blir pave Frans etterfølgjar. Det er både i samtida og i historien ei hending utan samanlikning. Langt dei fleste kardinalane er utnemd av pave Frans, og vi vil sannsynlegvis få ein pave med tilsvarande proriteringar som Frans. Spekulasjonane er uansett mange, og media kjem med ulike lister om kven som er mest aktuelle. Eit element som vert framheva er at kardinalane kjem frå land i heile verda, og ikkje kjenner kvarandre så godt som europearar og italienarar spesielt dominerte kardinal- kollegiet! Desse dagane fram mot konklavet møtest dei dagleg, og avgjersla er kanskje tatt alt før møtet byrjar neste onsdag. Vi vil nok få eit raskt svar, tidlegare konklav dei siste hundre åra har i gjennomsnitt vart mellom to og tre dagar.
Det er ein del navn som går igjen i dei ulike spekulasjonane om neste pave. Kanskje får vi igjen ein italiensk pave, Pietro Parolin, Matteo Suppi og Pierbattista Pizzaballa er navn som går igjen. Parolin er kanskje den mest aktuelle, statssekretær og med mange års internasjonal erfaring som diplomat og rekna som pave Frans høgre hand. Han var i Oslo i januar i samband med innsetjinga av Fredrik Hansen som biskop.Andre europeiske kandidatar er Peter Erdö frå Ungarn, Jean-Claude Hollerich frå Luxembourg, Jean-Marc Aveline frå Marseille , dessutan svenske Anders Arborelius som høyrer til karmelittordenen og som eg har møtt for ein del år tilbake. Det er sjølvsagt også mogleg at vi får ein pave frå Asia, der den mest aktuelle er Luis Antonio Tagle frå Fillipinene! Eller frå Afrika Peter Turkson frå Ghana eller Fridolin Abongo frå Kongo. Kyrkja stoler uansett på at Den Heilage Ande er vegleiar i dette viktige valget. Eg trur dei køyrer “ safe” og vel Pietro Parolin ?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar