Exultet iam angelica turba caelorum:
exultent divina mysteria:
et pro tanti Regis victoria tuba insonet salutaris.
( Fryd deg - du himlenes engleskare!
Juble av glede, Guds mysterier!
La frelsens basun kunngjøre den store konges seier!)
Feiringa av påskevigilien er årets høgdepunkt i Kyrkjeåret, spesielt for alle katolikkar, og spesielt for alle dei som denne natta blir ein del av det verdsvide katolske fellesskapet. I år var det i St.Ansgar sju nye, tre ikkje heilt små barn som vart døypt, tre konvertittar som var døypt og såleis berre fekk fermingas sakrament og så ein katekumen - dvs. ein ikkje døypt vaksen som denne påskenatta fekk både både dåpen og fermingas sakrament! Det vart ein veldig fin seremoni, også når ein tenkjer at vi er ein del av ein omfattande trend som ein ser i mange bispedømme i Europa, mange unge søkjer det Kyrkja har å tilby!
Påskevigilien startar utandørs der det store påskelyset blir tent - Lumen Christi og vi svarar Deo Gratias! Deretter den stor påskelovsangen - Exsultet - som eg har sitert innleiingsvis. Så dei sju lesningane frå Det gamle testamentet, før Romerbrevet og evangeliet om oppstoda ifølge Lukas. Sidan følgjer velsigninga av dåpsvatnet, alles fornying av dåpspakta, så dåp og ferming av konvertittar. Til slutt Eukaristiens liturgi. Kort og hyggeleg samver etterpå, før vi går heim i regn og mørke fylt med påskeglede!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar