Påskenatt har tradisjonelt vore tida for dåp og opptak av nye katolikkar. Mange katolske kykjelyder melder om auka pågang av konvertittar, mange melder seg på truskurs som førebuing til å bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap. I mange land ser vi ein tilsvarande tendens, ikkje minst i England og Frankrike. I England melder alle bispedømme om auka interesse for Kyrkja,spesielt mellom unge. I Bispedøma Westminster og Southwark vil 500 og 450 bli døypt eller teke opp i Kyrkja i løpet av årets påske. Dei har ulik bakgrunn men det til felles at dei søkjer noko sikkert og fast i ei uroleg tid. Ein engelsk prest uttrykkjer det slik: “ Dei fleste som søkjer Kyrkja har ingen eller neste ingen religiøs bakgrunn.Det er det moderne samfunnets mangel på hensikt og sanning som fører dei til å søkja meining. Då er ikkje ein utvatna versjon av kristendomen attraktiv.” Eit nytt fenomen er at mange har oppdaga Kyrkja og trua via katolske sider på internett!
I Frankrike melder og bispedøma om rekord mange som er klar for å bli døypt og teke opp i Kyrkja denne påska. Gledeleg nok er dei fleste unge, over 70% er under 35 år. Det er og i denne gruppa vi ser den største veksten. Eit fleirtal kjem frå ikkje truande familiar, og har ofte funne trua på eigen hand. Også for desse franske ungdomane har internett ofte spelt ei viktig rolle, når 80 % opplyser om det. Mange opplyser og om truande besteforeldre, det ser ut som trua hoppar over ein generasjon ! 10.000 vaksne og 7500 tenåringar vil bli teke opp i franske bispedømme denne påska. Det er ein auke på 60% frå 2015. Kva er det som skjer? Kyrkja har ikkje forandra seg, og det er kanskje og eit poeng, mange søkjer det trygge og uforanderlege. Mange fortel og om andelege opplevingar, ein del er inspirert av unge helgenkandidatar som Chiara Badano, Clare Crockett og ikkje minst Carlo Acutis , skytshelgen for internett, som om kort tid blir heilagkåra. Men så trur vi og at det alltid er eit verk av Den Heilage Ande når menneske finn fram til tru!
Birgit Helene og Gunnar blir ein del av Kyrkjas fulle fellesskap.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar