torsdag 10. april 2025

Pave Frans på Petersplassen

 Pave Frans viste seg uventa for dei  truande på Petersplassen sist søndag. Enno svekka etter sin langvarige lungesjukdom var stemma hans svak, og han kunne ikkje framføra sin homilie i høve søndagen for sjuke og helsearbeidere. Sjukeleiet kan bli ein “ heilag plass” for frelse og forløysing både for den sjuke og dei som har omsorg for han uttrykte paven innleiingsvis. Vidare tok han utgangspunkt i sine eigne erfaringar som sjuk: “ Eg har mykje til felles med dykk på dette stadiet i livet mitt kjære brødre og søstre som slit med sjukdom: erfaringa av å lida, av å kjenna seg svak, å vera avhengig av andre og trenga deira støtte.” Dette er ikkje alltid lett, men det kan bli ein skule der vi kvar dag lærer å elska og bli elska utan å vera krevjande eller bli fortvila.Vi må heller visa både Gud og våre brødre og søstre takksemd for det gode vi tek imot, og sjå framover med aksept og tillit. Med utgangspunkt i søndagens tekst frå profeten Jesaja og evangeliet om kvinna som vart grepe i hor og tilgjeve av Kristus understreka pave Frans at Gud ikkje ventar at våre liv skal vera perfekte før han grip inn. I tider med mørke og motgang forlet ikkje Gud oss, når vi gjev våre liv over til Han kan vi erfara trøysta i hans nærver. Ved å bli menneske ville han dela vår veikskap på alle område.

Pave Frans takka så alle helsearbeidere for deira innsats: “ Kjære legar, sjukepleiarar og helsearbeidere. Ved å visa omsorg for dykkar pasientar, særleg dei mest sårbare, vil Herren gje høve til å fornya livet gjennom takksemd, nåde og von.” Paven blei så igjen personleg: “ Kjære vener, gjennom mitt sjukehusopphald så vel som i min rekonvalesens har eg følt “ Guds finger” og erfart Hans kjærlege rørsler.”

På slutten siterar han sin forgjengar pave Benedikt som minna oss om at det sannaste mål på eit menneskeleg samfunn er korleis  vi forheld oss til lidinga. Eit samfunn ut av stand til å akseptera sine lidande medlemmer er eit grusomt og inhumant samfunn!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar