tirsdag 10. juni 2025

Det som var

 To korte romanar som nyleg kom på norsk, på ulik måte rører ved som ein gong og som no berre lever i erindringa og i dei indre bileta. Nobelprisvinnaren frå i fjor, koreanske Han Kang skriv i romanen “Hvit” om den døde søstera til den navnlause forteljaren. Mora fekk fleire år før ho vart fødd ein for tidleg fødd jentebaby som berre levde eit par timar. Faren la henne i eit kvitt klede og gravla henne i fjellet, men ho lever vidare i forteljarens konkrete bilete av alt det som viser seg i kvitt, barneklede, liksvøp, salt, snø,is, ris, tåke, brystmjelk, stearinlys,aske, kvite fuglar, kvit magnolia, lommetørkle, kvite bein, mjølkevegen. Det blir til saman eit slags sorgritual, eit minnearbeid. Ho sørger over storesøstera ho aldri fekk, men reflekterar og over sin eigen eksistens, hadde søstera levd opp hadde kanskje foreldra  valgt å ikkje få fleire barn ? Boka er karakterisert som roman, men er vel meir poesi enn prosa. Det er sorgfullt og mørkt, men mest kvitt for “ I det hvite, i alt hvitt, vil jeg puste inn din siste innpust.”

Den danske litteraturvitaren Lilian Munk Rösing minnebok i essayform”Kaplevej 97” handlar og om fortida sett gjennom augene til den vesle jenta ho ein gong var. Ho vender tilbake til huset der bestemora budde saman med dei to ugifte søstrene sine. Ho går frå rom til rom i huset og skildrar med utgangspunkt i  konkrete gjenstandar og assosiasjonar det ho ein gong opplevde her. Her er det ikkje tidleg død og sorg, ingen døde søsken, bestemora og grandtantene døyr mette av dager i høg alder. Dei lever vidare i dei gode minna og i ting etterkomarane har fått med seg etter arveoppgjeret. Det er ei stemninga i boka som mange nok kan kjenna seg igjen i,litt nostalgi og sorgkjensle, men mest takksemd over dei gode møta som ein gong var og som no lever vidare i erindringa.Forfattaren skriv:” Jeg følte verken sorg eller tomhet mens vi gikk gjennom tingene i huset, snarere en form for fylde, at huset var fullt av levd liv.Liv lagret i klær og tepper, møbler og servise, bilder og brev, nips og strikkekurver. Vi etterlot et rot til brukthandleren som tok seg av resten.”




mandag 2. juni 2025

Italienske forfattarar

 

 Tre favorittar

Italienske forfattarar

1.       Silvio Pellico (1789 – 1854)

Le mie prigioni – Mine fengsler er ein italiensk klassiker frå 1832 som kom i norsk omsetjing i fjor. Silvio Pellico var frå Piemonte og hadde i tidleg alder suksess som dramatiker. Deler av Italia var på denne tida hærsett av Østerrike, og Pellico deltok i fridomskampen. Dette medførte arrestasjon og langvarig fengselsstraff. Mine fengsler er i dagboksform ei skildring av det årelange  fengselsopphaldet. I eit poetisk språk skriv han om brutalitet og motgang, men og samhald og venskap. Det ender godt, han får sjå familien igjen!  

                                                                                         

2.       Primo Levi (1919-87)

Primo Levi kom frå ein jødisk familie i Torino. Han utdanna seg til kjemiker, men raselovene hindra karrieren. Under krigen deltok han i motstandskampen, vart teke til fange og sendt til Auschwitz. Etter krigen debuterte han  som forfattar og skreiv både  romaner, noveller og dikt. Men han er best kjent for sin skildring frå konsentrasjonsleiren i « Hvis dette er et menneske» og dei sjølvbiografiske novellene med tittelen «Det periodiske system». Det slår meg at Levis fangenskap er så mykje meir brutalt enn Pellicos hundre år før!

 

3.       Salvatore Quasimodo (1901 -68)

Italiensk poesi er nok ukjent for dei fleste, men kanskje kjenner nokon igjen det korte diktet Ed é subito sera. «Enhver står alene på jordens hjerte gjennomboret av en stråle av sol: og med ett er det kveld.» Quasimodo var fødd på Sicilia, men budde det meste av livet i Milano. Der skreiv han dikt om antikken, krigen og lengten til Sicilia.  Han vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 1959.

(Dag og Tid 30. mai 2025)


 


 

lørdag 24. mai 2025

Jomfru Maria

 Troskurs med undervisning for potensielle konvertittar. Temaet er denne gongen det katolske synet på Jomfru Maria. Det er ikkje alltid så lett å ta inn for dei som har ein protestantisk bakgrunn og har fått høyra at katolikkar “tilber” Jomfru Maria. Eg tek utgangspunkt i Det nye testamentet, og startar naturleg nok med Lukas første kapittel med skildringa av engelens bokskap til Maria og vitjinga hos Elisabeth.” Ver helsa du som har fått nåde” seier engelen til Maria. Tidsbruken er perfektum, Maria er alt nådefylt. Dette vart framheva av paven då Maria vart erklært fri frå arvesynd i 1854. Fire år seinare skal Jomfru Maria ha vist seg for den unge jenta Bernadette i Lourdes og erkært på den lokale dialekten: “ Que soy era Immaculada Concepciuo” ( Jeg er den uplettede unnfangelsen). Bernadette som knapt kan lesa og skriva, har ingen forståing av dette utsagnet, men det gjer sterkt inntrykk når ho fortel det til sognepresten. Går vi vidare i teksten kjem vi til det som for ettertida har blitt Magnificat - Marias lovsong der ho erklærar:”Og sjå,frå no av skal alle slekter prisa meg sæl.” Bibelteksten understrekar dermed den unike stillinga Maria skal ha for all framtid. Ho skal seinare bli erklært som Theotokos - Guds mor på  konsilet i Efesos i 431.

Vi går vidare og kjem til det å be om Marias, og andre helgenars forbøn. I Johannes andre kapittel finn vi skildringa av bryllaupet i Kana. Maria ser det katastrofale for brudeparet,vinen har teke slutt, ho gjer Jesus merksam på dette med orda:” Dei har ikkje meir vin.”  Ho peiker ikkje på ei løysing, men legg bare fram problemet, løysinga er Jesu sak! Maria ser dei nygiftes nød, og viser her at frå no er ho alle menneskers mor, ikkje bare Jesu mor. Maria blir ofte kalt:”Det gode råds mor”. Ho gjev oss gode råd  men råda er alltid ein variant av dette : “ Det som Jesus seier til deg, det skal du gjera.”

I den vesle boka “Maria i Bibelen og i vårt liv” siterar Wilfrid Stinissen Den heilage Thérèse frå Lisieux:” Vær ikke redd for å elske Den hellige Jomfru for mye. Du kan aldri elske henne tilstrekkelig, og Jesus kommer til å bli svært glad, ettersom Den hellige Jomfru er hans mor.” Så lenge vi lar Maria vera det som ho er, nemleg vegen til Jesus, er det ingen fare for at ho skal innta for stor plass i våre liv. Problemet kan bare oppstå når vi klipper av bandet som bind henne til Jesus og til Kyrkja og dermed gjer henne til noko ho ikkje er.

Kanskje lukkast eg med å gjera dette meir forståeleg. Vi innleiar med Angelus og avsluttar med Salve Regina,



lørdag 17. mai 2025

Thérèse 100 år

Gratulerer med dagen! Vi feirar nasjonaldagen i strålande mai-ver og glade menneske. Andre stader og kanskje spesielt i Frankrike, er det og noko anna å feira i dag - 100 års markering av heilagkåringa av St. Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage Andlet. Det skjedde ikkje lenge etter hennar død i klosteret i Lisieux i 1897 berre 24 år gammal. Men på kort tid vart ho vart ho kjent og svært populær ikkje berre i Frankrike men over heile den katolske verda. Utgjevinga av sjølvbiografien “En sjels historie” hadde nok mykje å seia, men og eit anna fenomen som ikkje er så kjent. Det kom mange vitnemål frå soldatane i skyttergravene under Den første verdskrigen om Thérèse som støtte og oppmuntring, forbedar i dødens time, og ei rekkje mirakel. Klosteret i Lisieux fekk i periodar meir enn 100 brev om dagen frå soldatar i skyttergravene! Thérèse som var svak og sjukleg og levde livet i løyndom utan å utretta store ting, først i heimen i Lisieux og frå 15 års alder i karmelittklosteret. Men så viser ho oss den vesle vegen som står open for alle uavhengig av styrke og kva vi presterar av oss sjølve. “ De svagas styrke” skriv Wilfrid Stnissen i ei lita bok om Thérèse. Ho har revolusjonert oppfatninga av heilagdomen og vegen til heilagdom.” Det räcker med att ödmjuka sig och med tålmodig mildhet stå ut med sina fel. Det är den sanna heligheten.”

Thérèse vart i 1944 erklært som Frankrikes andre skytshelgen av pave PiusXII. Frå før er Frankrikes skytshelgen Jeanne d’Arc, altså to kvinner som begge døydde unge! St.Thérèse har inspirert katolikkar som forfattarane Paul Claudel og Georges Bernanos, filosofen Simone Weil, artisten Edith Piaf, atleten Alain Mimoun. Men Thérèses bodskap stopper ikkje ved Kyrkjas grenser, ho har utan tvil inspirert mange som ikkje deler hennar katolske tru, også ateistar. Vi er takksame for at Gud har gjeve oss ein helgen som Den heilage Thérèse av Jesusbarnet og Det heilage andlet som stadig viser oss sin “vesle veg”.

Frå ei lita bok med tekster av Thérèse for kvar dag gjennom året. 17.mai:

“Eg har ikkje kunna finne nokon skapnad som elskar meg alltid, for aldri å døy. Eg treng ein Gud som tar på seg min natur, blir min bror og kan gå gjennom lidinga.”



torsdag 8. mai 2025

Habemus papam

 Habemus papam blei det ikveld erklært frå Vatikanet. Vi har fått ein ny pave, amerikanske Robert Francis Prevost som tek pavenavnet Leo IV. Han er fødd i Chicago i 1955, vart prestevigd i 1982 og utnemd til kardinal av pave Frans i 2023. Han har studert matematikk og filosofi, og er språkmektig.Robert Francis Prevost tilhøyrer Augustinerordenen, og har mange år bak seg som misjonær og biskop i Peru. I det siste har han hatt til hald i Vatikanet der han har leia dikasteriet for bispeutnevningar. Han står i sentrum av Kyrkja  teologisk og vil nok halde fram i pave Frans ånd! Stor jubel frå dei fleire hundretusen på Petersplassen. Vi sluttar oss til dei i glede over pavevalget! Den nye paven held ei kort preike og velsigna så alle. Han avslutta slik:”La oss be sammen for denne nye misjon, for hele Kirken, for fred i verden, og la oss be om denne spesielle nådegaven fra Maria, vår mor.”



lørdag 3. mai 2025

Den neste paven

 Det er gått ei veke sidan gravferda til pave Frans. Sermonien på Petersplassen vart formidla gjennom dei fleste media også NRK. Ei enkel trekiste med oppslått Bibel på lokket, omgjeven av såvel truande som  statsleiarar og sentrale kyrkjelege leiarar også frå andre kyrkjesamfunn. Mange ønskte å ta avskil med pave Frans som gjorde eit sterkt inntrykk på alle som møtte han! Etter sermonien vart kista med paven køyrt gjennom Romas gater til Santa Maria Maggiore, kyrkja som var særleg viktig for paven, der han ofte kom for å be og der han ønskte å få sin siste kvilestad. Kyrkja ligg ikkje i eit velståande strøk, her er tilhald for dei som fell utanfor og som paven hadde særleg omtanke for. No kviler han i fred i denne kyrkja vigd til Maria, og med eit ikon som pave Frans vart sæskild glad  i .“ Herre gje han den evige kvila, og måtte det evige lys skinna for han!”

Verdas fokus var retta mot pave Frans gravferd for ei veke, i dag er det konklavet som skal samlast 7. mai som verdas merksemd rettar seg mot. 133 kardinalar under 80 år, to var for sjuke til å koma, skal samlast i Det sixtinske kapell for å avgjera kven som blir pave Frans etterfølgjar. Det er både i samtida og i historien ei hending utan samanlikning. Langt dei fleste kardinalane er utnemd av pave Frans, og vi vil sannsynlegvis få ein pave med tilsvarande proriteringar som Frans. Spekulasjonane er uansett mange, og media kjem med ulike lister om kven som er mest aktuelle. Eit element som vert framheva er at kardinalane kjem frå land i heile verda, og ikkje kjenner kvarandre så godt som  europearar og italienarar spesielt dominerte kardinal- kollegiet! Desse dagane fram mot konklavet møtest dei dagleg, og avgjersla er kanskje tatt alt før møtet byrjar neste onsdag. Vi vil nok få eit raskt svar, tidlegare konklav dei siste hundre åra har i gjennomsnitt vart mellom to og tre dagar.

Det er ein del navn som går igjen i dei ulike spekulasjonane om neste pave. Kanskje får vi igjen ein italiensk pave, Pietro Parolin, Matteo Suppi og Pierbattista Pizzaballa er navn som går igjen. Parolin er kanskje den mest aktuelle, statssekretær og med mange års internasjonal erfaring som diplomat og rekna som pave Frans høgre hand. Han var i Oslo i januar i samband med innsetjinga av Fredrik Hansen som biskop.Andre europeiske kandidatar er Peter Erdö frå Ungarn, Jean-Claude Hollerich frå Luxembourg, Jean-Marc Aveline frå Marseille , dessutan svenske Anders Arborelius som høyrer til karmelittordenen og som eg har møtt for ein del år tilbake. Det er sjølvsagt også mogleg at vi får ein pave frå Asia, der den mest aktuelle er Luis Antonio Tagle frå Fillipinene! Eller frå Afrika  Peter Turkson frå Ghana eller Fridolin Abongo frå Kongo. Kyrkja stoler uansett  på at Den Heilage Ande  er vegleiar i dette viktige valget. Eg trur dei køyrer “ safe” og vel Pietro Parolin ?



mandag 21. april 2025

Pave Frans

 Pave Frans døydde i dag tidleg etter lengre tids sjukdom, dødsfallet opplevdes difor som både forventa men og uventa då han syntest å vera i bedring. Han deltok i gårsdagens påskefeiring på Petersplassen, sjølv om han ikkje sjølv var istand til å framføra sin påskebodskap. Han var pave med omsorg for dei 1,4 milliardar har var valgt til leiar for like til det siste. Kreftene svikta og han var tydeleg prega av sjukdom dei siste dagane, kanskje er det då eit privilegium å kunna framføra påskebodskapen og velsigna folket, og så bli kalla heim av Herren!

Frå pave Frans påskebodskap:

Pave Frans ønsket god påske og lot så seremonimesteren, msgr. Ravelli, ved Kontoret for den øverste pontiffs liturgifeiringer, lese opp påskebudskapet:

Kristus er oppstanden, halleluja!

Brødre og søstre, god påske!

I Kirken gjenlyder i dag halleluja, det gjenlyder fra munn til munn, fra hjerte til hjerte. Halleluja-sangen får Guds folk til å gråte over hele verden.

Fra den tomme graven i Jerusalem når det uhørte budskapet fram til oss: Jesus, den korsfestede, «er ikke her, han er reist opp» (Luk 24,6). Han er ikke i graven, han lever!

Kjærligheten har seiret over hatet. Lyset har seiret over mørket. Sannheten har seiret over løgnen. Tilgivelsen har seiret over hevnen. Det onde er ikke forsvunnet fra vår historie, det blir værende helt til slutten, men det har ikke lenger overtaket, det har ikke lenger makt over dem som tar imot denne dagens nådegave.

Requiem aeternum

 

Requiem aeternam dona eis, Domine: 

Grant them eternal rest, O Lord,

et lux perpetua luceat eis. 

and may light eternal shine upon them.

(4 Esdr. 2, 34-35) 

Te decet hymnus Deus in Sion,

It is fitting that a hymn should be raised unto Thee in Sion

et tibi reddetur votum in Ierusalem:

and a vow paid to Thee in Jerusalem:

exaudi orationem meam,

give ear to my prayer, O Lord,

ad te omnis caro veniet.

unto Thee all flesh shall come at last.






søndag 20. april 2025

Påskevigilien

 Exultet iam angelica turba caelorum:

exultent divina mysteria:

et pro tanti Regis victoria tuba insonet salutaris.

( Fryd deg - du himlenes engleskare!

Juble av glede, Guds mysterier!

La frelsens basun kunngjøre den store konges seier!)

Feiringa av påskevigilien er årets høgdepunkt i Kyrkjeåret, spesielt for alle katolikkar, og spesielt for alle dei som denne natta blir ein del av det verdsvide katolske fellesskapet. I år var det i St.Ansgar sju nye, tre ikkje heilt små barn som vart døypt, tre konvertittar som var døypt og såleis berre fekk fermingas sakrament og så ein katekumen - dvs. ein ikkje døypt vaksen som denne påskenatta fekk både både dåpen og fermingas sakrament! Det vart ein veldig fin seremoni, også når ein tenkjer at vi er ein del av ein omfattande trend som ein ser i mange bispedømme i Europa, mange unge søkjer det Kyrkja har å tilby!

Påskevigilien startar utandørs der det store påskelyset blir tent - Lumen Christi og vi svarar Deo Gratias! Deretter den stor påskelovsangen - Exsultet - som eg har sitert innleiingsvis. Så dei sju lesningane frå Det gamle testamentet, før Romerbrevet og evangeliet om oppstoda ifølge Lukas. Sidan følgjer velsigninga av dåpsvatnet, alles fornying av dåpspakta, så dåp og ferming av konvertittar. Til slutt Eukaristiens liturgi. Kort og hyggeleg samver etterpå, før vi går heim i regn og mørke fylt med påskeglede!




mandag 14. april 2025

Nye katolikker påskenatt

 Påskenatt har tradisjonelt vore tida for dåp og opptak av nye katolikkar. Mange katolske kykjelyder melder om auka pågang av konvertittar, mange melder seg på truskurs som førebuing til å bli ein del av Kyrkjas fulle fellesskap. I mange land ser vi ein tilsvarande tendens, ikkje minst i England og Frankrike. I England melder alle bispedømme om auka interesse for Kyrkja,spesielt mellom unge. I Bispedøma Westminster og Southwark vil 500 og 450  bli døypt eller teke opp i Kyrkja i løpet av årets påske. Dei har ulik bakgrunn men det til felles at dei søkjer noko sikkert og fast i ei uroleg tid. Ein engelsk prest uttrykkjer det slik: “ Dei fleste som søkjer Kyrkja har ingen eller neste ingen religiøs bakgrunn.Det er det moderne samfunnets mangel på hensikt og sanning som fører dei til å søkja meining. Då er ikkje ein utvatna versjon av kristendomen attraktiv.” Eit nytt fenomen er at  mange har oppdaga Kyrkja og trua via katolske sider på internett!

I Frankrike melder og bispedøma om rekord mange som er klar for å bli døypt og teke opp i Kyrkja denne påska. Gledeleg nok er dei fleste unge, over 70% er under 35 år. Det er og i denne gruppa vi ser den største veksten. Eit fleirtal kjem frå ikkje truande familiar, og har ofte funne trua på eigen hand. Også for desse franske ungdomane har internett ofte spelt ei viktig rolle, når 80 % opplyser om det. Mange opplyser og om truande besteforeldre, det ser ut som trua hoppar over ein generasjon ! 10.000 vaksne og 7500 tenåringar vil bli teke opp i franske bispedømme denne påska. Det er ein auke på 60% frå 2015. Kva er det som skjer? Kyrkja har ikkje forandra seg, og det er kanskje og eit poeng, mange søkjer det trygge og uforanderlege. Mange fortel og om andelege opplevingar, ein del er inspirert av unge helgenkandidatar som Chiara Badano, Clare Crockett og ikkje minst Carlo Acutis , skytshelgen for internett, som om kort tid blir heilagkåra. Men så trur vi og at det alltid er eit verk av Den Heilage Ande når menneske finn fram til tru!


                                         Birgit Helene og Gunnar blir ein del av Kyrkjas fulle fellesskap.


torsdag 10. april 2025

Pave Frans på Petersplassen

 Pave Frans viste seg uventa for dei  truande på Petersplassen sist søndag. Enno svekka etter sin langvarige lungesjukdom var stemma hans svak, og han kunne ikkje framføra sin homilie i høve søndagen for sjuke og helsearbeidere. Sjukeleiet kan bli ein “ heilag plass” for frelse og forløysing både for den sjuke og dei som har omsorg for han uttrykte paven innleiingsvis. Vidare tok han utgangspunkt i sine eigne erfaringar som sjuk: “ Eg har mykje til felles med dykk på dette stadiet i livet mitt kjære brødre og søstre som slit med sjukdom: erfaringa av å lida, av å kjenna seg svak, å vera avhengig av andre og trenga deira støtte.” Dette er ikkje alltid lett, men det kan bli ein skule der vi kvar dag lærer å elska og bli elska utan å vera krevjande eller bli fortvila.Vi må heller visa både Gud og våre brødre og søstre takksemd for det gode vi tek imot, og sjå framover med aksept og tillit. Med utgangspunkt i søndagens tekst frå profeten Jesaja og evangeliet om kvinna som vart grepe i hor og tilgjeve av Kristus understreka pave Frans at Gud ikkje ventar at våre liv skal vera perfekte før han grip inn. I tider med mørke og motgang forlet ikkje Gud oss, når vi gjev våre liv over til Han kan vi erfara trøysta i hans nærver. Ved å bli menneske ville han dela vår veikskap på alle område.

Pave Frans takka så alle helsearbeidere for deira innsats: “ Kjære legar, sjukepleiarar og helsearbeidere. Ved å visa omsorg for dykkar pasientar, særleg dei mest sårbare, vil Herren gje høve til å fornya livet gjennom takksemd, nåde og von.” Paven blei så igjen personleg: “ Kjære vener, gjennom mitt sjukehusopphald så vel som i min rekonvalesens har eg følt “ Guds finger” og erfart Hans kjærlege rørsler.”

På slutten siterar han sin forgjengar pave Benedikt som minna oss om at det sannaste mål på eit menneskeleg samfunn er korleis  vi forheld oss til lidinga. Eit samfunn ut av stand til å akseptera sine lidande medlemmer er eit grusomt og inhumant samfunn!




onsdag 2. april 2025

Pave Johannes Paul 2005

 I dag 2.april er det 20 år sidan pave Johannes Paul  døydde i sin residens i Vatikanet. På Petersplassenn hadde det samla seg  meir enn 60.000 truande i fleira timar for å følgja den døyande paven med sine bøner. Det var i lyden av deira songar og bøner at den 84 år gamle paven byrja på si siste reis. Han ønskte å bli innlagt på sjukehus då helsa til den svekka paven relativt brått vart dårlegare. Han fekk døy i rommet sitt vendt mot Petersplassen omgjeven av sine næraste medarbeidarar. Då meldinga om pavens død når dei truande over heile verda strøymer dei til kyrkjer og kapell for å be om at englane skal føra han til Paradis. Det blir erklært landesorg ein eller fleire dagar i ei rekkje land, ikkje berre tradisjonelt katolske land, men og i land som India, Egypt og Kuba. Johannes Paul hadde i sine 26 år som pave vitja 130 land, inkludert dei skandinaviske, og dei fleste rundt i verda kjente til han. 

Pave Johannes var ein from mann, ein bønas mann, poet og mystiker. For oss i Karmelitt-ordenen var det ekstra gledeleg at vår orden hadde ein spesiell plass i pavens omtanke. Johannes av Korset var utan tvil ein av hans store inspiratorar. Fleire av hans dikt er omsett til norsk, og er inspirerande og trusstyrkane. Ungdommen hadde også ein særskild plass i Johannes Pauls hjarta, han tok initativ til verdsungdomsdagane ( WYD) som seinare har vorte ein fast tradisjon. “ Jeg vil henvende meg til unge mennesker, dere er verdens fremtid, Kirkens håp, dere er mitt håp.” uttalte han.

Med sin polske bakgrunn hadde Johannes Paul sett kommunismens mørke bakside, og har spelte utan tvil ei nøkkelrolle i kommunismens fall i Europa.  Det er det gjort grundig reide for i boka “ The pope who Defeated Communism” av Bernard Lecomte. Fatima i Portugal der Jomfru Maria openberra seg for tre barn i 1917 var eit ekstra viktig pilegrimsmål for pave Johannes Paul, søster Lucia, den einaste attlevande av barna, vart teke imot av paven. Då paven vart utsett for eit attentat på Petersplassen i 1981 opplevde han  å ha vore under Vår Frue av Fatimas vern. I Fatima er såvel kula som traff paven som ein del av Berlinmuren stilt ut som symbol  på hennar forbøn. 

Johannes Paul var klar i sitt forsvar for tradisjonell katolsk etikk, ikkje minst det at livet er ukrenkeleg både det ufødde barnet og den svake og døyande. Familien som ei grunnleggjande brikke i samfunnet var og ei viktig sak for paven. Det er vanskeleg å overvurdera hans posisjon som moralsk vegleiar. Korleis kan ein oppsummera Johannes Pauls bokskap, kanskje med noko han uttalt ved  byrjinga av sitt pontifikat: “ Ikke vær redde! Åpne, åpne dørene for Kristus!”



tirsdag 25. mars 2025

Maria bodskapsdag

 “ Ordet ble menneske av kjøtt og blod og oppslo sin bolig blant oss. I opphavet var han hos Gud. Og  oppslo sin bolig blant oss. Ære være Faderen og Sønnen og Den hellige Ånd.”

(Responsorium for vesper denne dagen)

I dag 25. mars feirar vi ein av årets viktigaste høgtidsdagar, Annuntio Domini - Herrens bebudelse som er det offisielle navnet etter den siste liturgireformen i 1969. Dagen har vorte feira som ein Mariafest frå dei første hundreåra, og det sentrale i dagen er Marias JA! til engelens bodskap. Vi feirar dagen til minne om inkarnasjonen ,Gud vart menneske. Jula blir rekna ut frå denne dagen og ikkje det motsette. Frå gammalt er dagen kjent som Maria bodskapsdag eller Vår Frue messe om våren. Dagen har levd i tradisjonen også i det protestantiske Norge like opp til vår tid. Mi bestemor (f 1894) tala om denne dagen som “Voffremyss”.

“Guds natur og menneskets natur,Guds vesen og menneskets vesen, forble slik de var, men de kom sammen i en person.Dermed iførte kongeverdigheten seg ringhet, kraften svakhet,evigheten dødelighet.For å betale vår gjeld forenet Guds uforgjengelige natur seg med vår forgjengelige.”

( pave Leo den store 440-461)




søndag 23. mars 2025

Pave Frans i bedring

 I dag kom den gledelege meldinga om at pave Frans er helsemessig i bedring  og i løpet av kort tid kan utskrivast frå  Gemelli sjukehuset til sin residens St. Marta i Vatikanet. Dei siste to vekene har tilstanden vore stabil og han skal fleire gonger har etterspurt når han kunne skrivast ut. Paven er 88 år og har heilt frå   ungdomen hatt dårlige lunger. Det er no snart 40 dagar sidan har vart innlagt med alvorleg lungeinfeksjon på begge sider. Ved fleire høve var tilstanden kritisk, og det var på ingen måte sikkert at han ville overleva. Det sette i gang nokså premature spekulasjonar om kven som blir den neste paven. Men han kom seg gradvis takka vera god behandling av Dr. Sergio Alfieri og Luigi Carbone og deira team, dessutan av forbøn frå millionar av truande. Kvar kveld var det Angelus på Petersplassen for paven, og det skal ha kome tonnevis av post til Vatikanet med ønskje om god bedring !

Paven kjem altså tilbake til sin residens, men har er svekka etter den langvarige sjukdommen og har til dømes ikkje særleg styrke i røysta. Sannsynlegvis treng han to månadars rekonvalesent. Det er fleire viktige punkt på pavens program framover, først påskefeiringa som han nok ikkje vil vera i stand til å leia. 27.april er det ei viktig heilagkåring på Petersplassen, nemleg Den salig Carlo Acutis som døydde 15 år gammal i 2006. I mai var den planlagt reise til Tyrkia i samband med 1700 års markeringa av konsilet i Nikea. Det spørs om den svekka paven kan gjennomføra det. I dag viste han seg for første gong offentleg frå balkongen på sjukehuset i samband med Angelus bøna. Han såg ut til å vera med godt mot men svekka.

Sjølv om pave Frans har kome seg igjennom denne alvorlege sjukdomen er han ikkje ein sprek 88 åring og sånn sett statistisk avgrensa levetid igjen. Spekulasjonar om kven den neste paven blir har ikkje noko for seg, det har sjeldan vore dei mest sannsynlege kandidatane som har nådd fram i den siste avrøystinga i Det sixtinske kapellet. La oss heller be om at pave Frans kjem til krefter og kan halda fram som leiar av Kyrkja enn ei stund!



torsdag 13. mars 2025

Denne trongen til å reise langt

 The Urge to Travel long Distances - Denne trongen til å reise langt er ei diktsamling av Robert Bly utgjeven i 2005, eg fann henne på Mammut-salget! Omsetjing ved Odd Goksøyr, men heldigvis også med orginal teksten på engelsk. Robert Bly (1926 -2021) amerikansk poet, essayist, omsetjar, samfunnsdebattant og aktivist. Han hadde norske aner (Bleie i Hardanger), hadde opphald i Norge og omsette frå såvel norsk som svensk og dansk. Han var god ven med Olav H. Hauge og Tomas Tranströmer. Han var rotfesta i Minnesota og budde der det meste av livet, men han var og internasjonalt orientert som tittelen på denne diktsamlinga viser til. Diktinga hadde referansar til såvel verdslitteraturen  som til gamle myter og religiøse skrifter. Han hevda og at poesien ikkje berre er ord, meining, intelektuelle uttrykk, men og  det fysiske og kroppslege. Det kom tydelege til uttrykk når han på scenen framførte eigne dikt. Mot slutten av livet dukker det ikkje uventa opp dikt om død, tap og sorg, men med eit forsonande og ofte leikande og humoristisk preg. Før han blir for prega av demens seier han følgjande:

" Robert, du har kasta vekk så mykje av livet der du sat inne og skreiv dikt. Ville du gjera det igjen ? Eg ville, ja tusen gonger."

Spring Night

Tonight, after riding, and translating a few poems 

from the danish,

I sawed off wild shoots from the box elder trees.

In the spring night we are not content to be home.

we have urges to travel long distances in the misty dark.


What Olaf Bull said

Believe in happiness, Sieglinde try!
                                   Olaf Bull

Happiness is the wind rising
In a field of young plants

Is a new- fallen apple
Found in the dark earth

Far from the orchard
In plowing time.




Kvinners plass i Kyrkja

 Debatten i Vårt Land med utgangspunkt i teolog Gyrid Gunnes innlegg med overskrift:"Et syn som har gått etisk konkurs" med hentydning til det katolske  synet på prestedømet.


Det store skilje mellom katolsk og protestantisk syn på prestedømet og ekteskapet er at Den katolske kyrkja ser på dei som sakrament, og såleis ikkje utan vidare kan bli endra gjennom fleirtalsvedtak. Det blir difor korkje kvinnelege prestar eller likekjønna ekteskap i overskodeleg framtid. Ein står fritt til å meina kva ein vil om dette, men det blir sjeldan ein fruktbar dialog.

Då er det meir interessant å sjå på kvinnas stilling i Kyrkja gjennom historia fram til i dag. Det trengst eit tydeleg og  meir kvinneleg nærvær i Kyrkja har pave Frans uttalt. Han har heller ikkje lete det vera med ord, men har utnemnt fleire kvinner til leiande stillingar i Vatikanet. Det kjem ikkje fram i norske media men 1. mars i år vart Sr. Rafaella Petrini (f. 1969) historisk i det ho vart utnemnt til president for Vatikanstatens guvernorat, dvs. ho har det høgste ansvaret for dagleg drift. Det er ein stilling som berre kardinalar har hatt tidlegare, no må dei retta seg etter ein kvinneleg sjef! I fjor haust fekk Sr. Simona Brambilla ein tilsvarande leiarstilling. Frå knapt nokon posisjonar for eit par tiår sidan, har kvinner no godt over 20% av stillingane  i Vatikanet. Vi vil ikkje få kvinnelege prestar, men vi kan få sjå at eit fleirtal  av leiande stillingar i Vatikanet er fylt med kvinner ? Dette gjeld også på lågare nivå som bispedøme og lokale sokn. Eg har ikkje statistikk på det, men inntrykket er at kvinner står for storparten av arbeidet i sokneråda. Ein kan naturlegvis sjå dette  som eit steg mot likestilling, i tillegg får ein ofte betre struktur på ting med kvinnelege leiarar !

Ei interessant problemstilling er om det kvinneleg har ein tydelegare plass i katolsk enn i protestantisk kristendom trass i ulikt syn på prestedømet ?  Kva rolle spelar isåfall  Maria og dyrkinga av kvinnelege helgenar ? Var det mest negative ved Reformasjonen at vanlege kvinner og menn i Nord-Europa vart fråteke Jomfru Maria ? Det kvinnelege har vore der heile tida trass i at Kyrkja frå utsida sett  har vore mannsdominert, både Den katolske  og dei protestantiske. Frå kvinnene ved Jesu grav, via kvinner som Lydia i Apostelgjerningane, vidare Mellomalderens sterk kvinner som Birgitta, Katarina og Teresa til moderne tid med ein andeleg fonyar  og kyrkjelærar som Thérèse frå Lisieux for til slutt i vår tid å gje oss helgenkandidatar som nordirske Clare Crockett (1982 -2016)som har inspirert  tusenvis av unge. Sjølvsagt og  dei mange tusen ukjente kvinnene som har bore Kyrkja gjennom gode og onde dagar, både legfolk og ordenssøstrer. Kanskje det kan bli ein meir fruktbar diskurs enn eit einsidig fokus på presterolla ?

 

                                            Maria alteret i St. Olav domkyrkje i Trondheim

lørdag 8. mars 2025

Dei heilage Perpetua og Felicitas

 7.mars feirar vi minnedagen for dei heilage Perpetua og Felicitas som lei matyrdøden denne dagen sannsynlegvis i år 203. Perpetua var fødd inn i ein adelsfamilie der mor var kristen men faren heidning.Ho var gift og hadde eit barn på eit par månadar som ho amma då ho vart arrestert saman med sin jamnaldrande slace Felicitas og fire menn. Felicitas fødd ei datter like før dei vart martyrar på stadion i heimbyen Kartago. Keiser Septimus Severius var først positiv til dei kristne men sette seinare i verk forfølgingar. Alle dei seks var katekumener fast overtydd om si kristne tru. Historien om desse martyrane er noko av det som er best dokumentert frå denne tida, dels er det skreve av Perpetua sjølv dels av andre etter deira død. Ho skriv om fleire visjonar i dagane før døden,der ho ser for seg eigen lagnad. Ho ser seg sjølv gå inn til Himmelen på ein stige, og ein annan gong ser ho for seg at ho trampar på Satans hovud. Då dagen er komen for martyriet går dei inn på stadion der villdyra venter “ med muntre, tapre miner som om dei var på veg til Himmelen.” Dei blir ikkje drept av villdyra, men måtte henrettas med sverd. Historien om Perpetua og Felicitas spreidde seg på kort tid over heile Nord-Afrika og vart lest opp i kyrkjene. Deira navn kom etter kvart inn i den romerske kanon der vi i messa minnest dei saman med apostlane, andre martyrar og alle heilage menn og kvinner.




Heilage Perpetua og Felicitas be for oss!

fredag 28. februar 2025

Pave Frans og nye helgenar

 Ein sterkt svekka pave Frans har vore innlagt på Gemelli sjukehuset i snart to veker. Den 88 år gamle paven har dobbelsidig lungeinfeksjon, og tilstanden var lenge kritisk, men det ser no ut til at han er i gradvis bedring. Truande over heile verda har samlast i bøn for pave Frans. Kvar kveld på Petersplassen har vi digitalt kunne delta i Rosenkransbøn for paven! Etter som paven tilstand har betra seg har han vore istand til å gjenoppta ein del av sine oppgåver som leiar av Den katolske kyrkja, mellom anna arbeidet  med nye heilagkåringar. Fem katolikkar har nådd det andre steget på veg til helgenstatus og blitt erklært som “ ærverdige”, mellom dei den amerikanske presten Emil Kapaun ( 1916-1951) og den italienske legmannen Salvo D’Acquisto ( 1920 43).Dessutan blir det heilagkåring av to salige Guiseppe Cisneros frå Venezuela og Bartolo Longo frå Ialia. Den salige Bartolo Longo ( 1841-1926) var ein advokat frå Napoli som var negativ til Kyrkja, men etterkvart vart omvendt, og stod bak Rosenkrans - heilagdomen i Pompeii der han og er gravlagt.

Pave Frans innførte i 2017 eit nytt omgrep i heilagkåringsprosessen nemleg “livsoffer” som skil seg frå sakene basert på martyrium eller “heroiske dyder”. I omgrepet ligg det at kristne som “ ved å følge mer enn tett i Herren Jesu fotspor og lære, frivillig og fritt har ofret sitt liv for andre og holdt ut med denne besluttsomheten helt til døden.” Pater Kapauns “livsofferet” er godkjent av pave Frans og hans status har gått frå “Guds tjener” til “ ærverdig”. Emil Joseph Kapaun blei fødd i Kansas i 1916, han vart prestevigd i 1940 og tjenestegjorde som feltprest under Den andre verdskrigen og i Koreakrigen. Han døydde som krigsfange i 1951. Hans levningar vart identifisert i 2021 og han vart bragt tilbake til heimlandet.Pater Kapaun var ein uvanleg from og modig mann med stor omsorg for sine med soldatar. I tida som krigsfange er det mange vitnemål frå medfangar korleis han trøysta og hjelpte andre heilt utan tanke på seg sjølv. Ein heilagkåringsprosess vart innleia i 1993.


                                   Rosenkransbøn for paven på Petersplassen.


søndag 16. februar 2025

Koptiske martyrar

 15.februar er minnedagen for dei koptiske martyrane som vart drept av IS i Egypt for nøyaktig ti år sidan. Drapa vart filma og distribuert av IS, og mange hugsar nok bileta av dei 21 oransje kledde mennene men ein IS bøddel bak seg! Dei var 21, 20 egyptisk koptiske kristne og ein frå Ghana. Ghanesaren Matthew erklært at « deira Gud er min Gud» , og gjekk saman med sine trusfeller i døden. Martyrane var fattige bygningsarbeidarar som høyrte til Egypts koptiske minoritet, dei var djupt grunnfesta i si tru som dei heldt fast ved like inn i martyrdøden. Alle vart etter kort tid erklært som martyrar av den koptiske paven. I 2023 erklærte også pave Frans dei som martyrar. Det var første gong koptiske kristne vart erklært som martyrar i Den katolske kyrkja. Levningane av dei 21 martyrane vart i 2018 identifisert og førte tilbake til Egypt, der dei i dag kviler i ei nybygd kyrkje. Dei er til inspirasjon og støtte for alle forfølgde for si tru i dagens turbulente verd!

I høve 10 års markeringa er det lagd ein animasjonsfilm om martyrane, den kan fritt søkast opp på www.the21film.com




lørdag 15. februar 2025

Zweig og Bernanos i fortvilingas mørke

 Den franske forfatteren Sébastien  Lapaque kom nyleg med boka "Sjakkmatt i paradis" omtala på den katolske internettsida Aleteia. Det er ein tenkt dialog  mellom dei to store forfattarane frå forige hundreår. Georges Bernanos og Stefan  Zweig. Begge levde i eksil i Brasil under Den andre verdskrigen, og skal visstnok ha møttest kortvarig i Barbacana kort før Stefan Zweig valgte å ta livet sitt saman med kona Lotte. Lapaque konstruerar ein dialog mellom desse to store,ein dialog som rører ved dei store spørsmål i tilværet, dei spørsmål som kan driva oss inn i mismot og fortviling og til slutt inn i den sjølvalgte døden slik Zweig gjorde. Verdssituasjon i 1942 innbydde  ikkje til optimisme,ondskapens krefter inkarnert i nazismen såg ut til å sigra. For begge desse eksil-forfattarane glei denne politiske melankolien over i metafysisk fortviling, det er også hovudtema i Lapaques bok. Men det er ein grunnleggjande forskjell mellom ateisten Zweig og katolikken Bernanos, ingen av dei er optimistar på vegne av verda, men Bernanos har noko utover verda og som mange ser ut til å ha tapt. Før krigen skriv han: " De massakrene som forberedes vil ikke ha noen ende fordi de ikke har noe mål. Vi vil ikke kjempe for en tro, men av raseri over å ha mistet den." 

Den østerisk-jødiske forfattaren Stefan Zweig (1881-1942), kjent for bøker som "Verden av i går" og "Sjakknoveller" hadde flykta til England i 1934, og vidare til Brasil i 1940, der fann han sin død og kom aldri tilbake til eit Europa i ruinar. Prega av metafysisk pessimisme, men utan eit metafysisk perspektiv ,  eller som Louise Gluck skriv: " at the end of my suffering there was a door." I den imaginære dialogen mellom desse to oppfordrar Bernanos til von sjølv om han og ber på denne metafysiske fortvilinga. « Ikke tro at jeg skal være mindre overveldet av angst enn du er. Men Gud gir meg noen ganger nåden til  å finne fred i selve denne kvalen….. Det er nok å tenke på at Han delte den på Oljeberget.» Kjem vi djupt nok ned i fortvilinga vil Kristus venta på oss der. Eller som Bernanos hovudperson i « En landsbyprests dagbok», presten som på mange måtar har mislykkast men stilt overfor døden innser han at alt er nåde!



 



mandag 10. februar 2025

Tre favoritter - Kvinnelege dirigentar

 



Tre favoritter: Kvinnelege dirigentar

1.      Maja Flagstad (1871 -1958) kom frå ein musikalsk familie og vart  tidleg aktiv i hovudstadens musikkmiljø. Ho var pianist og akkompagnatør, kordirigent og kapellmeister. Store deler av livet var ho aktiv som songpedagog også for sine to døtre som begge vart operasongarar. Den eldste var den verdskjente sopranen Kirsten Flagstad. Dei to sønene vart og musikarar lik foreldrene og søstrene.

2.      Nadia Boulanger (1887-1979) vart fødd i Paris, faren Ernest Boulanger gav henne tidleg musikkundervisning og ho viste seg å ha eit uvanleg og mangesidig musikalsk talent. Gjennom eit langt liv verka ho som pianist, organist, komponist, dirigent, forskar og pedagog. Ho var den første  kvinna som dirigerte dei store symfoniorkestera i Europa og USA. Men det var som pedagog ho gjorde sin største innsats, fleire hundre komponistar og musikarar har hatt  henne som læremeister !

3.      Tabita Berglund ( 1989 -) Å leia store orkester var inntil nyleg noko som berre menn fekk driva med. Men dei siste tiåra har det kome til ei rekkje yngre kvinnelege dirigentar som ikkje står tilbake for sine mannlege kollegaer. Ein av dei er  Tabita Berglund  frå Trondheim, først utdanna til cellist, men vart så fascinert av dirigentrolla at ho også tok dirigentutdanning. Det var ikkje eit dumt val, ho har seinare  hatt ein strålande karriere både i Norge og internasjonalt.



Innlegg i Dag og Tid 7. februar




lørdag 1. februar 2025

Nicaragua - eit brutalt diktatur

 Eg har nyleg skreve om karmelitt- nonnene frå Compiégne som nyleg vart heilagkåra av pave Frans. Dei vart offer for forfølgingane under Den franske revolusjonen, i 1790 vart dei tvungne ut av klosteret sitt, fire år seinare lei dei martyrdøden. Historia gjentek, for to dagar sidan vart St. Klara nonnene i to kloster i Nicaragua på kort varsel jaga ut av klosteret sitt.Dei 30 nonnene i Managua og Chinandega fekk bare ta med seg det mest nødvendige før representantar for styresmaktene tvinga dei ut av klosteret deira. Dette er ikkje noko nytt, sidan 2018 har det vore meir enn 1000 dokumenterte åtak på kristne spesielt Den katolske kyrkja i dette vesle og fattige Mellom- amerikanske landet. På 1980 talet var det mange som såg opp til sandinistregimet i Nicaragua og deira mål om eit sosialt rettferdig samfunn. Seinare har det som så ofte før utvikla seg til eit brutalt diktatur under president Daniel Ortega. Dette har særleg gått utover Den katolske  kyrkja som er det største kyrkjesamfunnet, men òg protestantisk kyrkjer og andre frivillige organisasjonar 

Sidan 2018 har 245 geistlege inkludert fleire biskopar blitt utvist frå landet. I desember i fjor kom ein regjeringsordre om at at alle nonner skulle forvisast  og deira eigedom konfiskert! Forbodet mot religiøse organisasjonar har spesielt gått ut over det hjelpearbeidet som blir utført blant dei fattigaste. I utgangspunktet var det ikkje eit konfliktfylt forhald mellom Kyrkja og sandinistregimet. Mange  geistlege støtta revolusjonen, den meste kjente er vel Ernesto Cardenal som sat i regjeringa ein periode. Det vart sterkt kritisert av pave Johannes Paul som ikkje såg med blide auge på at geistlege engasjerte seg politisk i marxistisk inspirerte rørsler.Seinare har det gått frå vont til verre.Nyleg vedtok nasjonalforsamlinga ei grunnlovsendring som gjev president paret Daniel Ortega og Rosario Murillo  full kontroll over statsapparatet!


Be for dei forbølgde i Nicaragua og resten av verda!


søndag 26. januar 2025

Håkon Bleken

 Kunstnaren Håkon Bleken døydde nyleg vel 96 år gammal. Det er mange som minnest denne store kunstnaren  som var aktiv like til det siste, med stor takksemd. Han sette sitt preg på norsk kunsthistorie frå han  for alvor slo igjennom med ei rad kolteikningar i 1970. Seinare har han vist si evne til å fornya seg og meistra ulike uttrykksformer utover maleri og teikning som grafikk og kollagekunst. Bleken var ingen kunstnar som gøymde seg i sitt elfenbeinstårn, han var sterkt samfunnsengasjert både lokal i heimbyen Trondheim og globalt. Dette gav han uttrykk for ikkje berre i sin kunst, men også munnleg og i skrift med tallrike artiklar. Håkon Bleken var oppteken av dei store eksistensiell spørsmål i tilværet, dette tematiserte han til dømes i Korsvei syklusen frå 1975 der  knyter det bibelske saman med det dagsaktuelle. Kunsten blir både eksistensiell og politisk. Han let seg og inspirera av litteratur som Dantes inferno, Hamsuns Mysterier og Ibsens Hedda Gabler.

Håkon Bleken var velsigna med eit uvanleg langt liv, der han fekk driva med det som var viktig for han like til det siste.Men han var open om eigen og andres aldring og død som i det sterke bilete av faren på likstrå. Han såg  på kunst som ein slags «dødsfordriv», inspirert av poeten  Dylan Thomas dikt « Do not go gentle into that good night» let han det og vera tittelen på ei kunstutstilling i høve 90 års dagen. I eit intervju seier han at han trur det må vera noko på den andre sida. No er han der. I bilete Enten eller frå 1922 let han eit nyfødt barn bli halde fram mot ein hovudskalle, livet føl døden, noko nytt veks fram og gjev von.Døden kan vi strida imot men ikkje overvinna.

Diktet til Dylan Thomas er nyleg omsett av Hans Johan Sagrusten. Her er det siste verset:

« Og du, min far, så sorgfull der du står,

Forbann, velsign meg no med tårevell.

Gå ikkje glad til ro når klokka slår.

Strid, strid imot når ljoset ditt forgår.»




Håkon Bleken vil bli savna, men kunsten hans vil halda fram med å fascinere og engasjere!


lørdag 25. januar 2025

Nye salige - nye hellige

 

Nye salige – nye hellige

Listen over Kirkens helgener omfatter mange tusen, og hvert  år og blir nye navn føyet til. Mange er ukjente for de fleste troende, men så dukker det opp navn som oppleves særlig viktige for ens egen del eller for menigheten eller ordenen man tilhører. Prosessen fram til helligkåring er ofte langvarig, men i en del tilfeller som Mor Teresa og pave Johannes Paul har det tatt få år. Den starter i det lokale bispedømmet der man tar initiativ til en gransking av den aktuelle kandidaten som får betegnelse Guds tjener – Servus Dei. Så blir saken oversendt til Vatikanet og vurdert, helgenkandidaten blir da eventuelt erklært som Ærverdig – Venerabilis. De to siste trinn krever en utfyllende gransking, og i tillegg to mirakler, vanligvis en uforklarlig helbredelse. Unntak fra dette er dersom den aktuelle kandidaten led martyrdøden, da kreves det bare et mirakel. Saligkåringen foregår ofte lokalt, og kandidaten får tittelen Beatus/Beati. Til sist får vi så den endelige bekreftelsen på at det er en hellig mann eller kvinne, seremonien finner sted på Peters plassen og ofte er det mange tusen begeistrede troende til stede. Men det finnes også en «snarvei», paven kan erklære en person som helgen uten å gå gjennom hele prosedyren dersom det foreligger en allmenn akseptert kultus rundt denne personen. Det benytte pave Frans seg av 18. desember i fjor da han erklært de 16 karmelittnonnene fra Compiègne, martyrer under Den franske revolusjonen, som hellige. Dette var naturligvis særlig gledelig for oss i Karmelittordenen.

Vi har tidligere hatt en lengre artikkel om nonnene fra Compiègne i VEK (høst 2017), men alle minnes nok ikke det og her kommer et lite resyme: Under Den franske revolusjonen ble prester og ordensfolk forfulgt, kloster stengt, kirker vandalisert, mange ble led martyrdøden. Anklagen lød vanligvis på kontrarevolusjoner virksomhet, noe vi kjenner igjen fra nyere tids undertrykkende ideologier.  Karmelittnonnene fra Compiègne ble i 1790 tvunget ut av sitt kloster, de levde deretter i små grupper rundt i byen, men i 1794 ble de arrestert og dømt til døden for kontrarevolusjonær virksomhet. 17. juli ble de brakt fra fengselscellen til Place de Trône der giljotinen var plassert. En etter en gikk de martyriet i møte, til sist priorinnen, hele tiden sang de: Salve Regina, Miserere og Laudate omnes gentes. De døde ble kastet i en massegrav, der  vi i dag  finner et minnesmerke med navnene  til de 16 martyrene. Det ble etter noen år startet en helligkårings-prosess som førte fram til saligkåring i 1906, men så stoppe prosessen opp inntil pave Frans skar igjennom og helligkåret martyrene. Alle kan la seg inspirerer av deres mot og sterke tro og be om deres forbønn, men for alle i Karmel har dette spesielt stor betydning. Denne historien er blitt kjent langt utenfor Kirken pga. komponisten Francis Poulencs opera «Dialogues des Carmelités» som er blitt satt opp over hele verden, og nylig ble spilt ved Den norske opera.

Anna av Jesus, Teresas nære medarbeider som førte hennes reform utenfor Spanias grenser  ble saligkåret 29. september. Vi har skrevet mer utfyllende om Anna et annet sted i bladet. Vi har all grunn til å glede oss over denne viktige saligkåringen.

I løpet av Jubelåret 2025 vil vi få flere salig- og helligkåringer. To av disse er allerede fastlagt og vil vekke spesiell interesse og glede hos mange troende. 27. april vil Den salige Carlo Acutis (1991 – 2006) bli helligkåret. Vi har tidligere skrevet om denne ungdommen som døde av leukemi bare 15 år gammel, men i sin korte levetid rakk å utrette så mye med sin store omsorg for andre, og  sin sterke hengivenhet til Eukaristien og til Jomfru Maria. Pier Georgio Frassati (1901-25) var en italiensk mann som også døde ung, og har mange fellestrekk med Carlo Acutis både i liv og ettermæle. Han vil bli helligkåret 3.august. Flere helt unge kvinner befinner seg også på ulike trinn i denne prosessen. Vi kan nevne Den salige Chiara «Luce Badano» (1971-90) en italiensk kvinne som døde ung og ble saligkåret i 2002. Anne de Guigné (1911 -22) fra Sør-Frankrike døde som barn og ble erklært venerabilis i 1990. Clare Crockett (1982-2016) kom fra Nord-Irland og tilhørte den karmelittisk inspirerte ordenen The Servant Sisters of  the Home of the Mother. Hun omkom i et jordskjelv i Ecuador og en helligkåringsprosess ble startet 12. januar i år.

 

At det stadig oppstår nye unge helgenkandidater må vi tro er et et verk av Den Hellige Ånd. Helgener fra vår tid er det nok lettere å identifisere seg med, og la seg inspirere av for dagens ungdommer.  Karakteristisk nok har både Carlo Acutis og Clare Crockett allerede ført mange til et fornyet og levende gudsforhold! La oss håpe og be om at alle disse nye helgenkandidatene vil gi Kirken rik velsignelse og fremgang.

 

 


 

 

 

 

 

lørdag 18. januar 2025

Bispevigsel

 I formiddag kunne vi følge bispevigsel av Monsignore Fredrik Hansen i St. Olav domkirke. Pave Frans utnevnte han 1.november i fjor til koadjutorbiskop, hjelpebiskop med etterfølgingsrett. Når biskop Bernt Eidsvig om kort tid trekk seg tilbake av helsemessige grunnar vil Fredrik Hansen overta som biskop av Oslo katolske bispedømme. Fredrik Hansen f. 1979 er konvertitt, prestvigd i 2007. Trass i sin relativt unge alder har har han brei erfaring fra såvel, menighetsarbeid, Vatikanets diplomati og undervisning. Han kom no frå stilling som professor ved St. Mary`s Seminary i Baltimore.

Ved dagens sermoni deltok dei fleste prestane i bispedømmet, dessutan høgståande geistlege frå ei rekkje land. Bispevigsel- sermonien vart leia av kardinal statssekretær Pietro Parolin, han er regjeringssjef i Vatikanet og pave Frans høgre hand. Det er ikkje vanleg at ein så sentral geistleg står for bispevigsel i eit perifert bispedømme, men han kjente Fredrik Hansen som hans overordna i det pavelege diplomatiet. Det er eit stor ansvar som blir lagt på han men som Kardinal Parolin og fleire andre uttrykkjer: « Jeg er overbevist om at han vil gi et godt bidrag til Kirkens videre vekst i Norge.»

Som internasjonal statsmann hadde Parolin samtalar med såvel kong Harald som utenriksminister Espen Barth Eide. Han påpeikte at Vatikanet og Norge har til felles at det er nasjonar som vil fred.

Litt frå Parolins preike til den ny utnevnte biskopen:

« Myndighet må ikke utøves som et middel til dominans eller selvhevdelse. Det må snarere utøves som en ydmyk tjeneste for Guds folk, noe som krever konstant selvfornektelse ( Matt 16,24)»

« Kjære mgr.Fredrik, du er kalt til å vokse daglig i hellighet og til å inspirere dine prestebrødre og de troende til å gjøre det samme.»

« Og hvor henter vi denne kjærligheten fra? Hvor finner vi dette hjertet, om ikke i eukaristiens sakrament, der Kristus selv gir oss sin kjærlighet?»

« La oss fremfor alt be om håpets gave, som er mottoet for det hellige året: Håpets pilegrimer.»











fredag 10. januar 2025

Kvinner i Vatikanet

 Sr.Simona Brambilla er ei italiensk fødd ordenssøster som tilhøyrer Consolata - misjonærene. Ho har  bakgrunn som sjukepleiar og har vore misjonær i Afrika. Ho har også studert psykologi og undervist i det på det pavelege universitet, institutt for psykologi, om kort tid fyller ho 60 år. Sr.Simona har nyleg fått fokus på seg avdi pave Frans har utnevnt henne til prefekt for Dikasteriet for institutter for konsekrert liv og selskaper for apostolisk liv. Dette er første gong ei kvinne får ein slik leiande stilling i ein av Vatikanets organisasjonar. Dette er ein stilling der stort sett bare kardinalar og biskopar har blitt utnevnt til i ein tradisjonelt mannsdominert organisasjon. Sr. Simona har fleire års erfaring i dette dikasteriet der ho dei siste åra har fungert som sekretær. Men ho er ikkje åleine, pave Frans har sidan har overtok pavestolen utnevnt mange kvinner til stillingar i ulike institutt og dikasteri, dei fleste ordenssøstre men også legfolk. Andel kvinner i Vatkanets organisasjonar er no godt over 20%. Paven har uttrykt at det trengst « eit meir tydeleg kvinneleg nærver i Kyrkja», utnevninga av Sr. Simona til prefekt er eit viktig steg i denne retninga.Paven understrekar og kor viktig Maria er for Kyrkja, for å få fram hennar eige kvinnelege ansikt  og meir tydeleg kvinna, Jomfru og Mor, som er modell og fullkome bilete. Slik gjer ein rom for kvinner og blir kreativ gjennom pastoralt arbeid og prega av omtanke og omsorg, tolmod og moderleg mot.




mandag 6. januar 2025

Epifani

 I dag 6.januar feirar vi Epifani - Heilage trekongersdag - Herrens openberring. Vi minnest dei tre vise menn - magi som kom frå Austerland til Bethlehem vegleia av stjerna. Det står ikkje noko i evangeliet  om at dei er tre, men ein har antatt det i og med at dei kom med tre gåver til Jesusbarnet : gull, røykelse og myrra. Kyrkjefaren Ireneus tolka gåvene allegorisk, gullet symboliserar  Kristi som konge, røykelse viste til Kristus som Gud som vi tilber, myrra som vart nytta til å salva dei døde varslar om Kristi offerdød og vår frelse.

Etter legenden fekk dei tre vismennene navna Casper, Melchior og Balthasar. Ein var ung,ein middelaldrande og ein gammal, dei kom frå Europa, Asia og Afrika. Slik blir dei symbol for alle menneske som kjem for å tilbe Jesusbarnet.

Ein gammal tradisjon er at prestane gjekk frå hus til hus og velsigna folks heimar. Det var vanleg å skriva med kritt over inngangsdøra, i dag får vi velsigna klistrelappar som vi tek med heim og plasserar over døra!

20*C+M+B+25

Det kan stå for første bokstav i navnet til dei tre vise menn som ein huskeregel, men tyder eigentleg : 

Christus Mansionem Benedicat. ( Kristus velsigna din heim)