fredag 3. oktober 2025

Elegi over massakrer

 Poeten Arnold Eidslott har i diktsamlinga “ Det forlatte øyeblikk” frå 1978 ein lang diktsyklus med tittelen “Elegi over Oradour-sur- Glane” . Det er kanskje ikkje så mange utanfor Frankrike som kjenner til denne vesle landsbyen i Sør-Vest Frankrike som Eidslott set fokus på . 10.juni 1944, kort tid etter D- dagen gjekk tyske SS- soldatar inn i landsbyen og massakrerte 642 sivile på dei mest grusomme måtar. Det var hevn for drap på tyske offiserar i dette området.Ekstra tragisk var det at landsbyen sannsynlegvis vart forveksla med den nærliggjande Oradour-sur-Vayres som også er eit poeng i Eidslotts dikt. President de Gaulle avgjorde etter krigen at Oradour-sur-Glane ikkje skulle byggast opp, men ruinane skulle stå som eit evig minnesmerke over denne brutale massakren på uskuldige sivile.

Eidslott innleiar sterkt og bibelsk:

“Bær røkelse

frem for våre døde

i Jesu vår gjenløsers navn.

—————-

Oradour-sur-Glane

Med asken av dine døde

vitner du for Herrens trone”

Vidare:

“Døden overalt

Som vinden og regnet”

Så tekstar som kraniet, verdensbrannen , kor av de døde, men det er ikkje bare mørkt, i Gloria lyder eit av versa: 

Oradour-sur-Glane

der er åpnet en vei

gjennom det ytterste mørke

Selv de som ammet døden

skal trøstes”

Det avsluttar med Gråten frå nabolandsbyen Oradour-sur-Vayres:

I demringen tok det til å gråte

Det gråt like ved og langt borte


Folk rev vinduene opp og tendte lys

i de redde husene sine


Og gråten silte ned fra kirketårnet

og rullet inn fra åpne havet


Man skjøt med skarpt etter gråten

og gikk manngard med store lykter


Men gråten lot seg ikke stanse

Det var i demringen før hanen gol


Oradour-sur-Glane flammet i skyene

og de døde sto opp til sin egen messe


Snart gråt både himmel og jord

og varm aske fløt i det  høye rommet


Da sto Frelseren forklaret frem

og kastet tausheten ut som et garn


Og det ble stille på jorden

og i himlen og på havet langt borte


Det var i demringen og hanen gol

Tre ganger fra jordens fire hjørner”


Det handlar om juni 1944 i ein liten by i Frankrike, men det er like mykje dagsaktuelt. Vi kan byta ut Oradour-sur-Glane med Ukraina, Kongo, Sudan, Nigeria eller Gaza! Død,flammer, oske og gråt er den same, men vi vonar og trur at det ein gong vart opna ein veg utover  lidinga og døden! 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar