fredag 26. september 2025

The silent island

 Gårsdagenes forestilling i Kilden, Kristiansand vart ei sterk oppleving såvel visuelt som lyttande. Det var eit samarbeide mellom Kilden og Kunstsiloen der musikken var samkjørt med det visuelle i form av spennande animasjonar. Kvelden byrja med Kjetil Bjørnstads tonesetting av John Donnes kjent og ofte siterte tekst “ No man is an island, entire of himself. Every man is a part of the continent, a piece of the main.”  Avslutninga var Henry Purcells “ When I Am Laid in Earth.” Frå Dido og Aeneas Mellom dette musikk av Fartein Valen - La isla de las Calmas ( The silent island), Johannes Brahms, Arvo Pärt, David Lang, Philipp Glass, Anatoly Lyadov og Henryk Gorecki.  Kanskje opplevde ein litt av det som den tyske sosiologen Hartmut Rosa kallar “resonans” - ein slags  vibrerande kontakt mellom ein sjølv og verda.”Det finnes øyeblikk da verden synger - et anruf- til oss.”  Kva er det som karakteriserar denne opplevinga av resonans? Rosa nevner fire aspekt: noko som rører oss utanfrå og som vi i neste omgong gjev respons på. Resonans vil så føra til ein transformasjon, ei forandring. Men vi har ikkje kontroll over denne resonanserfaringa, vi rår ikkje over den. Resonans blir slik sett ei motvekt mot den “ akselerasjonen” som karakteriserar det moderne samfunnet. Kva erfaringar er det som leiar inn  til denne resonansen? I går var det utan tvil  kunst og musikk, ein annan dag poesi, naturopplevingar, mellommenneskelege møte og erfaringar, og ikkje minst religion som Rosa skriv om i “ Det lydhøre hjertet.” Det synes likevel som musikken er i ei særstilling som oppleving av resonans.

Den estiske komponisten Arvo Pärt seier om dette:”Man kan skriva om sine upplevelser, musikkens struktur, dess form och kanske något mer. Det är betydeligt svårare att överföra själva musikken til  ord. Jag tror att den sanning som finst i konst och musik orsakar en djup och hemmelighetsfull resonans hos en människa. Det sker när man själv har ett behov av att finna sanningen och har en gåva att känna igen denna sanning.”





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar