fredag 21. november 2025

Frei Gilson populær brasiliansk prest

 Gilson de Silva Pupo Azevedo betre kjent som Frei Gilson er ein ung brasiliansk karmelittprest som på kort tid har blitt svært populær i heimlandet takka vera sosiale media. Han vart fødd i Sao Paulo 17.desember 1986 og vaks opp med mor og bestemor. Då han var ni år byrja mora å gå til messe og engasjerte seg i Kyrkja. Unge Gilson tok ho med til katekismeundervisning  og bønnegruppe. Dette sådde eit frø i han som seinare førte han til karmelittordenen og prestekall. 7. desember 2013 vart han ordinert til katolsk prest. Han leiar menigheten Son do Monte ( Fjellets lyd) som spreier bodskapen via sosiale media. Her har Frei Gilson vist seg ikkje bare som prest med kraftfulle preiker men og som låtskrivar og artist. Med gitar og sangstemme når han millionar av følgarar spesielt dei unge, via WhatsApp, Youtube og Instagram. Hans rosenkrans andaktar seint på kvelden har blitt særleg populære med ein million følgarar.

Brasil er verdas største katolske land, men det er eit land med store sosiale problem  i form av fattigdom og kriminalitet. Noko vi såg nyleg då det vart utkjempa krigsliknande samanstøyt mellom politiet og gjengkriminelle. Politisk har landet vore splitta ikkje minst under høgrepopulisten Jair Bolsonaros presidentperiode. Sjølv om landet har flest katolske innbyggjarar i verda har katolisismen gått tilbake på bakgrunn av karismatiske protestantiske gruppers framgong. Dei har også for ein stor del støtta Bolsonaro politisk. Den katolske kyrkja har nok og gått i meir høgreorientert retning, og klart meir synleg enn venstresida. Men tilbakegongen ser no ut til å stoppa opp, kanskje takka vera prestar som Frei Gilson?  Han kjem ikkje med ein politisert bodskap, men formidlar den kristne bodskapen i ei form som når fram til dei mange unge som er grepe av ein katolsk - karismatisk fornying samstundes som dei knytter seg til det som er tradisjonell katolsk religiøsitet med sterkt fokus på eukaristien! Kanskje ikkje tilfeldig at det er ein karmelittprest som formidlar dette?

                                                Foto: Creative commons attribution 3.0 unported licence


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar