23.august, seinsommar og Birgit Helene og Gunnars bryllaup i St. Svithun katolske kyrkje i Stavanger med etterfølgjande fest på Bøndenes hus i Sandnes. Vakker seinsommardag med sol og god temperatur. Inngong med brudemarsj frå Seljord, brudas far føl henne inn saman med dei tre brudepikene Hedda,Mathilde og Linnea! Etter katolsk lære gjev dei to kvarandre det ekteskapelege sakramentet. Presten, pater Pål Bratbak, stadfestar og velsignar. Etter vigselssermonien messefeiring, før utgang med Wagners brudemarsj frå Lohengrin. To salmar, “ Deg være ære” og “Kjærlighet er lysets kilde”.
Paulus tek utgangspunkt i Kristi kjærleik til kyrkja når han skriv om ekteskapet i brevet til Efesarane.Ekteskapet er eit synleg teikn på Guds nåde i verda, og sånn sett eit sakrament.
Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.(Ef 5.28-33)
I det pavelege rundskrivet Humanae Vitae frå 1968 står det: “ Den ekteskapelige kjærlighet åpenbarer sin sanne natur og høyhet når den betraktes i sitt utspring, nemlig i Gud, som er kjærlighet, Faderen, som alt som heter far har sitt navn i himmelen og på jorden.”
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar