søndag 26. november 2023

Jødedeportasjonen 26.nov.1942

I dag 26. november minnest vi deportasjonen  av norske jødar i 1942. Det er 81 år sidan, men viktigare enn nokon gong å markera på bakgrunn av aukande antisemittisme der jødar med urette blir gjort ansvarleg for israelsk politikk. Det er på mange måtar ein skammeleg dag, det var ikkje tyskarar som henta norske jødar tidleg om morgonen 26. november, det var norske politifolk som rekvirerte norske drosjar. Dei vart ført til dei ventande transportskipa Monte Rosa og Donau, totalt 555 norske jødar vart sendt til utryddingsleirane denne dagen. Av totalt  773 deporterte kom bare 38 tilbake i live.

Dagen vart markert på arkivet i Kristiansand i ettermiddag. Forfatter Simon Stranger var der saman med. sin musiker bror og heldt eit engasjerande foredrag om sin nye romam “ Museum for mordere og redningsmenn” som omhandlar jødedeportasjon, og som lik den forige roman “ Leksikon om lys og mørke” også har eit sterkt personleg innslag i det konas jødiske forfedre spelar ei sentral rolle.

Det har ikkje tidlegare vore jødiske minnesmerke i Kristiansand, men i går vart det sett opp minnetavler ved det som i 1940 var byens to jødiske forretningar. Det vart ikkje lagt ned snublesteinar då det alt er gjort i andre byar for dei involverte jødane! Eit viktig tiltak som ikkje kom for tidleg. Reidar Mosland frå Christiansands byselskap og historikar Thomas Hagen gav ei fin orientering om bakgrunnen for dette.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar