søndag 19. november 2023

Heilage kvinner

 Det har vore tradisjon at paven heilt frå 1500 - talet har halde audiensar for folke flest. Det har gjerne hatt preg av katekese så og for pave Benedikt 16. Han tok for seg sentrale personar Kyrkjas historie, apostlar, kyrkjefedre, ordensgrunnleggjarar og heilage kvinner. Dei har blitt samla og gjeve ut som bøker, no og i norsk omsetjing på St.Olav forlag.

Kyrkja har tradisjonelt vorte oppfatta som mannsdominert, men kvinnene har heile tida vore der, og på grunnplanet i dei lokale kyrkjelydane er det nok kvinnene som har gjort den største innsatsen like frå dei første skildringane i Apostegjerningane med driftige kvinner som Lydia, og fram til våre tid!

Det har gjerne Kyrkjas historie heller ikkje vore mangel på heilage kvinner, både fomelt heilagkåra og dei som levde sine fromme liv i det ukjente. Pave Benedikt tek for seg seksten av desse kvinnene som levde frå 1100 til 1500- talet, nokon av dei svært kjente, andre meir ukjente men som likevel sette sterke spor etter seg. Av dei meste kjente kan nemnast universalgeniet Hildegard av Bingen som levde på 1100 - talet Teresa  frå Avila og Katarina frå Siena som begge vart utnemd til kyrkjelærarar i 1970. Den einaste frå Skandinavia er Birgitta frå Vadstena som saman med Katarina frå Siena var markerte personlegdomar i Kyrkja på 1300 -talet. Mindre kjent og desto meir interessant er to andre katarinarar, Katarina frå Bologna og Katarina frå Genova. Julian frå Norwich er vel ikkje formelt ein helgen, men mange er det som har hatt utbytte av å lesa det mystiske skriftet “ Revelations of Divine Love in Sixteen Showings”  som skildrar hennar ekstatiske visjonar av Guds kjærleik som ho og karakteriserar Guds kjærleik som morskjærleik! 

Belgiske Juliana av Mont Cornillon  som levde på 1100 - talet er det nok få som kjenner til, underteikna hadde  ikkje høyrt om henne før. Ho var augustinarnonne, mystiker og fekk sine første visjonar som tenåring.Ho har fått stor innverknad på ettertida avdi ho var ein sentral pådrivar for innstiftinga av Corpus Christ - Kristi lekamsfest  som  vi feirar kvart år etter pinse. Jeanne d’Arc er vel den meste kjente av desse kvinnene, Frankrikes skytshelgen og med ein livshistorie  som teke ut av ei anna verd. Romanar og filmar har gjort henne til ein del av kulturen langt utover Kyrkjas grenser!

Desse kvinnene er ulike men har det viktigaste felles. Dei var sterke og markerte kvinner i ei tid der kvinnas stilling var underordna, men ikkje i den grad som var tilfellet i hundreåra etter Mellomalderen.  Dei var framfor alt fromme kvinner med eit rikt indre bøneliv som dei henta sin styrke frå. Dei fleste av dei var visjonære mystikarar, og hadde dermed ein sterkare Gudsrelasjon enn dei fleste i dag.  Vi kan ha dei som føredøme og ideal, og vi kan læra av dei å stola på Guds nåde gjennom livets medgong og motgong, og vi kan ikkje minst bli inspirert til eit regelmessig og djupt bøneliv!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar