fredag 8. september 2023

Ein saligkåra familie

 På søndag om to dagar vil ein saligkåring finna stad i den polske byen Markowa, byen ligg i søraust nær grensa til Ukraina. Sermonien vil finna stad utandørs, ikkje i ein katedral, og meir enn 30.000 vil delta, av dei over 1000 prestar og 80 biskopar. Kva er det som gjer denne saligkåringa så spesiell ? Kyrkjas historie syner at det er fleire familiar med meir enn ein helgen, men dette er første gong ein heil familie på ni personar vert saligkåra samstundes, og dermed tek eit steg nærare det siste trinnet i prosessen for å bli ein del an Kyrkjas store helgenskare.

Jozef og Wiktoria Ulma var eit katolsk bondeektepar i den vesle polske byen.Dei hadde seks barn i alderen 18 månadar til sju år, Wiktoria var dessutan høggravid då familien på brutalt vis vart henretta av nazistane 24. mars 1944. Den fromme familien  hadde teke bodet om nestekjærleik på alvor og to år tidlegare teke i mot åtte forfølgde jødar. Det var dødsstraff for dette i det naziokkuperte Polen, og då dei vart oppdaga blei dei sju jødane tekne av dage, og deretter Jozef og Wiktoria framfor barna som til slutt på svært brutalt vis vart drepne. Offera vart hastig gravlagt, då gravene litt seinare vart opna fann dei eit nyfødt barn som sannsynlegvis vart fødd i det mora vart drepen. Det er difor sju barn som vert rekna som martyrar og saligkåra, det minste gjennom det som Kyrkja reknar som bloddåp!

Familien er tidlegare tatt med i minnesmerket “Righteous among the Nations”  i Jerusalem. Det er eit minnesmerke over alle dei som med livet som innsats hjelpte jødar under Holocaust! Under søndagens sermoni  vil også ein rabinar vera tilstades.

Dette er ein uvanleg brutal historie, men samstundes ein historie om kjærleik og von midt i det vonde. Dei var gode samaritanar som risikerte livet for det gode. I familiens bibel var ordet “samaritan” understreka følgd av eit “Ja”!


Wiktoria og Jozef Ulma med sju barn! Be for oss!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar