søndag 27. august 2023

Dronning Christina av Sverige

 Kva forbind vi med 1600-talet? Eit mørkt hundreår prega av blodige religionskrigar, harde straffer for bagatellar, massehysteri som førte til hekseprosessar med mange uskuldige offer. Ja, kanskje var det mørke og brutale det som viste mest igjen, men det var og eit hundreår med kultur ikkje minst musikk som og blir spelt i dag, spennande personar stod fram og prega si tid. Ei av dei mest mangesidige og spennande  menneska frå denne tida var ei kvinne, ei dronning som sa ifrå seg trona - dronning Christina av Sverige ( 1626 - 1689). Ho var ei kvinne med ei livshistorie heilt utanom det vanlege like frå ho vart fødd på slottet Tre Kronor i Stockholm til ho døydde i Roma 63 år gammal. Sverige var på denne tida ei krigersk stormakt og Christinas far Gustav Adolf var ein krigarkonge som fall i slaget ved Lützen då Christina berre var seks år gammal. Mora Maria Eleonora var fjern og ustabil, så i praksis var ho utan foreldre, og vart oppdregen av andre i tråd med farens intensjonar som ein prins som ein dag skulle overta trona. Frå ho var 18 år var ho regjerande dronning fram til ho sa frå seg trona og abdiserte ti år seinare i 1654.

Den unge Christina var svært intelligent og læreviljug, ho tileigna seg mange språk og hadde interessar i såvel kultur som vitskap. Som dronning inviterte ho ei rekkje vitskapsmenn frå heile Europa til slottet i Stockholm, den meste kjent er filosofen René Descartes som diverre var sjuk og døydde der. Han hadde stor respekt for Christinas evner. På denne tida var motsetningane mellom katolikkar og protestantar på sitt mest intense, i Sverige var det dødsstraff for å bli katolikk. Det var difor i største løyndom at Christina fekk interesse for katolisismen, først gjennom den franske ambassadøren, seinare av jesuittprestar som kom i forkledning frå Italia. Ho var naturlegvis fullt klar over at det var umogleg å halda fram som dronning dersom ho konverterte. Det var nok den viktigaste grunnen til at ho abdiserte, sjølv om hennar trong til å leva livet slik ho sjølv ville nok og spelte inn. Christina var ei eigenrådig  kvinne som ikkje så lett let seg bestemma over, ho sette eigen fridom høgt!

Etter å ha forlate Sverige  og overlatt krona til fetteren Carl Gustav, sette ho kursen mot Hamburg , så til Nederland der ho vart teken opp i Den katolske kyrkja 23.desember. Året etter dreg ho sørover og var innom Innsbruck der ho offisielt konverterte. Dette var naturlegvis noko som vekte stor oppsikt, og vart brukt for det det var verdt av paven.  På slutten av året kom ho til Roma der det var ei storslått mottaking. Både paven og kardinalar, ikkje minst Decio Azzolino, som hadde ein tett relasjon tilheile livet. Kanskje vel tett, og det gjekk mange rykte om dei to. Etter kvart var ho ikkje like populær i Roma, det vart reagert både på hennar utsjånad og åtferd, og ikkje minst det at ho ikkje framstod som spesielt from! Christina har politiske ambisjonar og ho dreg to turar til Frankrike de4 ho mellom anna møter Ludvig 14. Ho har høge tankar om seg sjølv, og har ambisjonar om å bli dronning i såvel Polen som Napoli.Ho er og to gonger tilbake i heimlandet , men ho er uønskt der. Ho er ei dronning utan land, ei dronning med stadige økonomiske problem, og nok større ambisjonar i storpolitikk enn det som var realistisk!

I november 1668 er Christina tilbake i Roma og blir der no for godt fram til ho døyr 19.april 1689. Ho blir under stort sermoniell gravlagt i krypten i Peterskyrkja, ved inngongen blir det seinare og sett opp eit stort minnesmerke. Christina var eit barn av si tid, men ho var og ei moderne, frigjort kvinne med meiningar som peikte framover. Ho var tilhengar av religiøs fridom og toleranse overfor såvel jødar som protestantar.  Då Ludvig 14 trakk tilbake edikteti Nantes som gav protestantiske hugenottar religionsfridom protesterte ho høglydt!

Var Christina ein from konvertitt? Om det strides dei lærde. Ho hadde liten sans for ytre former og ritual, og romarane reagerte som sagt på at ho ikkje oppførte seg så fromt som forventa. Men det er ingen grunn til å tru at hennar konversjon ikkje var vel gjennomtenkt og av overtyding. På slutten avlivet skal ho ha fått ei meir inderleg tru, og ho ska ha vist interesse for mystikk! Kanskje inspirert av vår store helgen Teresa av Avila?

Christina var nok ein vanskelig konvertitt som Elisabeth Aasen skriv i sin biografi. Ho var stolt og eigenrådig, og hadde nok problem med å innretta seg under Kyrkjas autoritet. Men på slutten av livet var nok hennar tru meir avklara og ho skriv: «Gud forklarer sin vilje gjennom sitt eneste orakel, som er Den katolske romerske kirken.Utenfor den finnes det ikke noen frelse.»


Litteratur:

Elisabeth Aasen: Barokke damer.Dronning Christinas europeiske reise. Pax forlag 2005.

Peter Englund: Silvermaskan: en kort biografi över drottning Kristina. Albert Bonniers förlag 2007.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar