tirsdag 6. september 2022

Heilag gjentaking

 « Den hellige gjentakelse» er eit omgrep eg kom over i ein av Wilfrid Stinissen ocd sine bøker, han har sjølv henta omgrepet frå Ylva Eggehorn. Omgrepet kan kjennast uvant, men eg opplever umiddelbart at det gjev meining. Stinissen refererar såvel til « The Cloud of Unknowing» frå 1300 talet som Thomas Merton og den ortodokse tradisjonen med den såkalla Jesusbøna. I protestantisk tradisjon har det tradisjonelt vore skepsis til alt som smaker av vanekristendom med vekt på ytre former og stadig gjentaking av bøner som i tidebønene og Rosenkransen Alternativet blir då ei meir direkte og spontant uttrykksform  som talar til det emosjonelle, men og til det rasjonelle og fornuftsprega. Begge deler kan påverkast av ytre faktorar, dei sterke kjenslene avtek,intellektet vert utfordra av filosofiske argument mot sanninga i religionen. Vanen som ikkje er så avhengig av kjensler og rasjonalitet held lengre, den sit i kroppen som når vi knelar og gjer krossteiknet, i talen når vi gjentek Ave Maria med dei små perlene på Rosenkransen, i både kropp og tale når vi i fellesskap ber tidebønene! Det er det vi kan kalla « Den heilage gjentakinga». Litt etter litt veks vi inn i dette og det blir ein integrert del av både kropp og sinn, noko som ikkje så lett let seg forstyrra av stormar utanfrå.

Wilfrid Stinissen refererar til den ortodokse Jesusbøna, « Herre Jesus Kristus miskunn deg over meg ein syndar» eller ein kortare versjon. Ein gjentek bøna i takt med pusten, først regelbunde med ord men etterkvart søkk bøna nedover til hjarta, og blir eitt med hjarteslaga. Stinissen siterar den  ortodokse teologen Sofrony som seier at den stadige gjentakinga leiar til stilla og  dermed til kontemplativ bøn. Langt frå alle når fram til det kontemplative stadiet, vi vert så lett avleia og ukonsentrerte, vi er ikkje uthaldande nok. Kanskje er det då vi treng vanen å støtta oss på, det som vi kan oppgradera og med rette karakterisera som «Den heilage gjentakinga».





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar