fredag 7. januar 2022

Epifani

 6. januar feirar vi Epifani til minne om dei tre vise menn frå Austerland som kom for å æra det nyfødde Jesusbarnet.  Dagen blir og kalla Herrens openberring . Epifani tyder på gresk openberring men kan og tyda soloppgang. Høgtida er eldre enn julefeiringa og i dei austlege kyrkjene blir jula framleis feira 6.januar. Festen har sitt opphav i Alexandria og var ein fest både for Jesu fødsel og dåp, bryllaupet i Kana vart også markert denne dagen. Vi feirar dei tre vismenn eller heilage tre kongar denne dagen. At dei var kongar eller vismenn står ikkje i evangelieteksten, heller ikke at dei var tre. Det greske ordet som vart nytta er magoi, magos i fleirtall. Det var eit ord som vart nytta om zoroastriske prestar i Persia, dei hadde innsikt i astrologi og drøymetyding. Tradisjonen seinare har forma forestillinga om at dei var tre vismenn eller kongar, dei har fått navn, Balthasar, Melchior og Casper, og ein har tenkt at dei kom frå tre ulike verdsdelar. Det siste blir eit fint bilete på at evangeliet skal ut til alle verdas folk. 

Mange dikt tek for seg Epifani, eg har tidlegare sistert George Mackay Browns dikt, her er eit av den norske diktaren Hans Henrik Holm(1896-1980)

Tre heilage kongar til Betlehem for

Ei stjørne sveiv gjennom øyde og kjos

mot Betlehem og Guds signande ljos.

Tri heilage kongar frå Austheim for

til den lisle i krybba med vyrdsame ord.

Av dei tvo med røykjeverk og rav

fekk han gåvur og offermod,

den tridje honom myrrha gav

med varselfargar om kross og blod.


Fjåg ved kvila Maria møy

breider yver sin nyføding høy.

Kring den bots-vigde sveiper ho lin;

gjislet bjart um lokkane skjin.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar