lørdag 22. januar 2022

Englar myte eller realitet ?

 "Änglar finns dom?"  spør biskop og kardinal Anders Arborelius ocd i ei preike frå 2017 gjengjeve i boka "Kardinalens  novisår".  Englar eksisterar framleis i kulturen og i språket, i uttrykk som "Han hadde englevakt" eller som søte dekorasjonar i juletida og tildels også i populærkulturen i tekstar som "Like an Angel". Ein del nyreligiøse retningar har og fokus på englar om enn ikkje i tradisjonell forstand, men meir som udefinerbare andsvesen som står oss nær, I tradisjonell kristen samanheng har nok dei fleste plassert englane langt ute i periferien. Men i bibelsk forstand er dei på ingen måte perifere, dei dukkar opp i nesten alle Bibelens  bøker, både i Det gamle testamentet og i Evangelia og breva i Det nye trestamentet. Over trehundre referansar til englar finn vi i dei heilage skriftene frå Mosebøkene til Johannes openberring. I Jesu liv er dei heile tida til stades, frå engelen som kom  med bodskapet til Maria, via englane på Bethlehemsmarkene  til engelen ved den tomme grava etter Jesu oppstode. Kvifor er dei då ikkje meir tilstades i notidas kristne teologi og praksis ? Å tru på Gud det går an, men englar, det får ei skinn av overtru over seg, ein meir barnsleg eller primitiv form for religion?

Biskop Anders Arborelius skriv: " Änglarna tilhör Guds värld. De finns där, oberoende av vad vi tycker och tänker. Vill vi leva i Guds närhet och försöka göra hans vilja och ställa hela vårt liv til Guds tjänst och en gång få lova och forhärliga honom i all evighet, ja , då är änglarna oss til stor hjälp och välsignelse." Vidare peikar han på korleis englane inngår i liturgien, i kvar messe syng vi Sanctus saman med englane, dei kjem og fram i bønene til dømes i Angelus bøna som ein ber tre gonger om dagen. Etter katolsk læra kan ein og be direkte om englars  forbøn , ikkje minst til verneengelen.

"Herrens engel brakte Maria det glade budskap"  - innleiinga til Angelus .  

Avlsutningsvis understrekar han korleis englane kan hjelpa oss til ein "grundattityd" der vi i tilbeding, glede og lovsong står framom Gud. "Låt oss här på jorden leva under änglarnas beskydd, så att vi en gång kan tilbe Gud tilsammans med dem i himlen."

I fjor kom det ei bok på Artos forlagom englar. Benediktinarnonne  Syster Siluana Tengberg har tidlegare skreve ei svært lesverdig om Maria, no skriv ho om "Änglarna - Tro och erfarenhet". Begge bøkene er illustrert med Syster Siluanas vakre ikoner. Boka har to delar, først ein teologisk del der ho tek for seg  englane i Bibelhistorien, englar i andre religionar, om syndefallet og dei falne englane,om englanes natur, om englar og bøn, om verneenglar. Andre del av boka er meir erfaringsbasert og handlar om fire ulike personars møte med englar, dei meste kjente er helgenane pater Pio og Don Bosco. " Kunnskapen om änglar bygger nämligen dels på biblisk och dogmatisk grund, dels på männskliga erfarenheter."

I kapittelet "Vär inte rädda!" tek ho for seg  møte med englar, i vaken tilstand men og i draume som hos Jakob, Josef og Paulus. Dette er grenseoverskridande erfaringar  der mennesket vil fyllast med uro og angst, engelens først ord er difor nesten alltid "Ver ikkje redd" som til  både Maria og Sakarja. Englane er Guds bodberarar , dei stig ned for å tala til oss, deira bodskap vil alltid vera Evangeliets bodskap. Korleis møter vi dei , kva svarar vi ? Her kan vi ta både Maria og Paulus til hjelp.

"Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt." (Luk.1;38)

"Og difor, kong Agrippa, har eg ikkje vore ulydig mot dette himmelske synet."

Både biskop Anders og Syster Siluana hjelper oss til å forstå og forhalda oss til englane i tråd med slik deim er framstilt i Bibelen!


                                  
                                 Sr. Siluanas vakre bok om englar (kan bestillast frå www.artos.se)



                                 Mine  ikoner og englar




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar