søndag 1. november 2020

Allehelgensdag

I dag 1. november feirar vi Allehelgensdag - Festum omnium sanctorum. Året rundt har vi festdagar for ulike helgenar, kjent og mindre kjente. Dagen i dag er for alle, kanskje ikkje minst for dei ukjente, dei som levde og døydde i det stille, og som ingen idag hugsar navnet på. Dei er mange, og ein del  av heile den himmelske hærskare som det står om i dagens tekst frå Johannes Openberring. Dei la ikkje mange spor etter seg, men i det stille bar dei gudslengten i bøn, tilbeding og omsorg for sine medmenneske.

Alt i dei første hundreåra etter Kristus vart dei heilage heidra, dei kristne møttest på gravene til martyrane for å be og minnast dei som hadde gått framom dei inn i  Paradis. Etterkvart vart helgenskaren utvida  til ikkje bare å omfatta martyrar, men også bekjennarar, kyrkjelærarar, munkar og nonner. I 835 la pave Gregor IV martyr- og helgendagen til 1. november, og seinare har han vorte værande på denne dagen. 

I dag minnest vi spesielt dei tre martyrane frå åtaket i Notre Dame kyrkja i Nice! Vi minnest og at det i går var 10 år sidan det brutale åtaket  på kyrkja "Our Lady of Salvation" i Irak. 52 kristne vart martyrar denne dagen, mellom dei to små barn og eit barn i morsliv. 


"Vi arme syndere VI BER DEG, BØNNHØR OSS Styr og bevar din Kirke Opplys Kirkens fiender Gi hele det kristne folk fred og enhet Styrk og bevar oss i din hellige tjeneste Gi alle avdøde den evige hvile Guds Lam, som tar bort verdens synder SKÅN OSS, HERRE Guds Lam, som tar bort verdens synder BØNNHØR OSS, HERRE Guds Lam, som tar bort verdens synder MISKUNN DEG OVER OSS LA OSS BE: Herre, vi ber deg, gi oss som bekjenner vår tro på din Sønn, den oppstandne, å styrkes i håpet om den oppstandelse som venter dine tjenere. Ved Kristus, vår Herre. Amen."

(Frå Allehelgenslitaniet)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar