lørdag 21. mars 2020

Minne frå Malmanger

Leik ved Vetlelvo på Malmanger byrjinga av 1930 talet. Før den store flaumen i 1940 rann Vetlelvo frå Storelvo (Hattebergselvo) like ovanfor der Turnhallen låg, vidare gjennom Prestagarden, over Malmanger for så å enda i fjorden der Rosendal Fjordhotell ligg i dag.
Der Storelvo og Vetlelvo møttest låg det ein stor stein, Otrasteinen og kalla Hauchsteinen. Men dette var kanskje to ulike steinar slik det er teikna inn på eit kart i boka "Med kropp og sjel" (side 10.) ? Diktaren Carsten Hauch, som budde på Malmanger prestegard 1798 -1803 skildrar korleis han hadde sin faste fiskeplass ved denne steinen.
Å sitja stille her og venta på at fisken beit må ha gjort eit uutsletteleg inntrykk den unge guten. Seinare skildrar han denne opplevinga i diktet "En erindring" frå 1861.

"Og skal af Jordens Minder
et Hjem jeg bygge hist
da vil den elv gjenfødes
det ved jeg ganske vist."


Leik ved Vetlelvo, Malmanger på byrjinga av 1930 talet. Min far Edvard Thorup (1922- 2019) og ein kamerat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar