mandag 23. mars 2020

Den blindfødde

Teksten for sist søndag var  frå Johannes evangeliet kapittel 9. der Jesus og læresveinane møter ein mann som hadde vore blind frå han var fødd. Læresveinane stiller spørsmål om det er han eller foreldra som har synda sidan han er utan syn. Jesus  gjer det klart at det er korkje han eller foreldrene som har synda, og dermed avsannar han den gamle førestellinga for alltid, lekamleg lyte eller sjukdom er ikke straff for tidelgare sydner !  Jesus er lyset i verda og den blindfødde mannen skal og få sjå dette lyset.
Kristendomen er kroppsleg, Jesus er den kroppsleggjorte Gud, og i denne teksten kjem det klårt fram når han spyttar på ein klump med leire og smør dette på augene til den blinde.

"Så sa han: "Gå og vask deg i Siloa dammen!" Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå."

Vi ser gong på gong at Jesus lækjar kroppslege lyte og sjukdomar, men teksten peikar vidare enn det. Når den blindfødde vert sjåande er det og for å kunna sjå frelsa. Det kjem fram på slutten av kapittelet der Jesus spør han om han trur på Menneskesonen.

"Mannen svara:"Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han ?" "Du har sett han", sa Jesus. " Det er han som no snakkar med deg." "Eg trur ,Herre", sa mannen.Og han tilbad han."

Kristendomen representerar ei drastisk oppvurdering av den materielle verda og dermed også av det kroppslege. Det skjer framfor alt gjennom inkarnasjonen, det guddommelege vert kroppsleggjort, men Jesus viser det også gjennom sine handlingar, han lækjer og vekkjer opp frå dei døde. Dei som bar trua vidare føl opp dette, Paulus, Tertullian,Johannes av Damaskus. Johannes skriv:" I reverence and honour matter, and worship that which has brought my salvation. I honour it not as God,but as a channel of divine strength and grace."
Thomas Aquinas spør: " Skal eit menneske elska kroppen sin ?"  Til det svarar han eit klart ja !

Pave Johannes Paul erklærar: "Through the fact that the Word of God became flesh, the body entered theology through the main door."

I tider med sjukdom kan vi be om lækedom , men vi får ikkje alltid det svaret vi ventar. Kanskje heller ikkje når det er sjukdom som trugar dei mange, slik vi har sett i epidemiar som har råka opp gjennom historia, frå  pestsjukdom skildra i Det gamle Testamentet til dagens Coronasmitte. Kanskje oppnår vi likevel noko ?
Paul Murray op skriv: " Prayer does not always achieve a cure, but it does bring about, for the man or the woman who prays, a grace of healing. That healing , however, is more often av healing of the soul than a healing of the body."

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar