onsdag 24. juli 2019

Den heilage Birgitta

I går 23. juli feira Den heilage Birgitta av Sverige. 23. juli er hennar dødsdag, ho døydde i Roma i 1373 kort tid etter si siste pilegrimsreise til Det heilage landet. Birgitta var ein av Mellomalderens  store kvinner, helgenkåra i  1391 og utropt til skytshelgen for Europa i 1999 saman med to andre store kvinnelege helgenar  Edith Stein og  Katarina av Siena.

Birgitta var fødd inn i ein svensk adelsslekt i 1303, ho var tidleg gift med den fire år eldre Ulf Gudmarsson, og dei fekk åtte barn saman. Den mest kjende av desse er Den salige Katarina av Vadstena som følgde med mora til Roma, og tok opp den religiøse arven etter henne. Birgitta foretok pilegrimsreiser både til Nidaros og til Santiago de Compostella. Ulf var med på en siste reisa til Santiago og døydde kort tid etter. Etter at ho vart enke byrja det livet  som skulle gjera henne kjent over heile Europa. Birgitta byrja å få openberringar, som etter kvart vart skreve ned på gammalsvensk og oversatt til latin, dei utgjer eit litterært hovudverk i svensk Mellomalder. I 1350 reiste ho til Roma og vendte ikkje tilbake til Sverige, før ho etter sin død vart boren tilbake og gravlagt i klosterkyrkja i Vadstena. Men Birgitta var ingen livsfjern mystikar, som så mange andre store mystikarar kombinert ho eit rikt indre liv med eit sterkt ytre engasjement. Med profetisk kraft tok ho til orde mot forfall i kyrkja, ho prøvde å overtala paven til å venda tilbake til Roma frå eksilet i Avignon. Heller ikkje storpolitikk var ho redd for å blanda seg opp i, ho prøvde å megla mellom den franske og engelske kongen som lenge hadde lege i strid.

Ho hadde planar for ein klosterorden som skulle grunnleggast i Vadstena. Katarina  overtok leiinga av dette prosjektet etter moras død.  Pave Urban  godkjente ordenen, og det vart bygd eit dobbeltkloster i Vadstena med plass for seksti nonner og tjuefem munkar. Dei budde i kvar sin klausur og vart leia av ei abbedisse ! Eit utrykk for at kvinnas stilling i Mellomalderen hadde ein sterkare stilling enn i hundreåra som følgde ? Birgittinarordenen eksisterar framleis men no berre med ei kvinneleg grein.


 Birgittas grav i Vadstena, Ved sida av å vera skytshelgen for Sverige og Europa er ho også skytshelgen for legar, for pilegrimar og for ein fredeleg død.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar