lørdag 6. juli 2019

Serotonin

Den franske forfattaren Michel Houellebecq er sterkt omstridt i heimlandet, men bøkene hans sel i store opplag. Han provoserar til dei grader både i form og innhald, men mange opplever at han ser samfunnsutviklinga klarare enn dei fleste. Heilt frå debutromanen "Utvidelse av kampsonen" i 1994 har han teke opp dei store spørsmål i samfunnet, spørsmål som han nok meiner journalistar, forfattarar og politikarar snarare har dekka over enn avslørt. Det gjeld ikkje minst tapet av fellesskapsverdiar på alle plan i samfunnet, heilt frå kjernefamilien til statsstrukturen, noko han legg mykje av skulda for på den utskjelte 1968 generasjonen(hans foreldregenerasjon). Han tek og opp utfordringa med innvandring frå ikkje vestlege kulturar,  motsetningar mellom islam og kristendom ( i den forige boka Underkastelse), den frie seksualitetens innverknad  på kjærleik og parforhold, globaliseringa av økonomien,  utarminga av landsbygda og bondestanden i Europa. Det siste er eit sentralt tema i den siste boka hans "Serotonin", tittelen viser til det antidepressive medikamentet den desillusjonerte hovudpersonen går på. Florent- Claude Labrouste  er ein 46 årig agronom, han er som resten av Houellebecqs hovudpersonar ein mann som har nådd nullpunktet i livet, han er einsam, deprimert, han har tapt alt såvel kjærleik som livsmeining. I innleiinga av boka forlet han sin japanske sambuar utan å leggja att spor, han oppsøkjer ein av sine få vener, den adelege storbonden Aymeric. Samstundes lir han under tapet av sin store kjærleik i ungdomen, Camille, og han leitar henne opp. Det siste blir eit stort antiklimaks, men illustrera samstundes ein underliggjande metafysisk tematikk i romanen. Når han finn Camille, ser han at ho bur åleine med ein son på eit par år, Florent kjem på den absurde tanken å ta livet av guten for så å gjenforenast med den sørgjande mora. Han gjer naturleg  nok ikkje alvor av dette, men Houllebecq nyttar scenen der Florent har guten i krossen på kikkertsiktet som ein referanse  til den bibelske offertanken. Som Abraham ofrar ikkje Florent guten, men han ser  samstundes at han sjølv er fortapt og må døy. Men er det likevel ei von bak vonløyse, eit nærver bak det absolutte fråveret  ? Florent kjem på ei formulering som refererar til Romarbrevet 4.18, i den franske teksten står det med  referanse til Abraham: " Esperant contre toute esperance" - i den norske omsetjinga:"Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde..."

Venen Aymeric blir eit symbol på det gamle Europa, adelen og bondestanden i forfall. Det går ikkje  bra med han, kona forlet han og tek med seg  døtrene, og han sit att med eit storgods til nedfalls og alkoholen. Under ein dramatisk bondedemonstrasjon tek han livet av seg offentleg. Boka kjem samstundes med  grasrotopprøret i Frankrike( dei gule vestane), og Houllebecq viser enno ein gong at han har ei nærast profetisk innsikt i det som rører seg i samfunnet.

Florent har på slutten av romanen isolert seg øvst i ei moderne høgblokk, her sit han som ein moderne "søylehelgen". Han er døyande av kjærleikssorg og meiningsløyse, ein representant for eit Frankrike og Europa i krise ? Illustrerande nok les han Thomas Manns roman"Trolldomsfjellet" som kan tolkast som ein prolog som leiar fram til den første store krisa i det tjuande hundreåret, Den første verdskrigen. Men så dukkar det opp nye tankar hos denne livstrøytte nihilisten, er det likevel von, er kjærleiken likevel eit prov på at det finst ein dimensjon utover dette meingslause her og no ? Forfattaren Kaj Skagen ser dette som den mystiske kjernen i roman i sin analyse som nyleg stod i vekeavisa Dag og Tid. Andre anmeldarar har tolka romanen reint politisk, og det er romanen også naturlegvis. Men det er vanskeleg å koma utanom det metafysiske aspektet når ein les sluttrefleksjonen til hovudpersonen. Kva  legg Michel Houellebecq i desse klart religiøse formuleringa ? Hos ein filosofisk idealist som ser idear og metafysikk som det som formar og undergrev sivilisasjonar, er det vanskeleg å tolka dette reint ironisk. Houellebecq er ingen religiøs person men han ser nokså sikkert   kristendomen som ein grunnleggjande fellesskapsverdi i Europa.
"Serotonin"  er ei bok ein bør lesa, men ein må klara  å sjå bak Houellebecqs folkelege og eksplisitt seksualisert formspråk. og sjå etter dei mange og meinigstunge laga han har lagt inn i romanen.

Her er sluttlinjene i romanen:

"Gud passer på oss, i virkeligheten, han han tenker på oss hvert øyeblikk som går, og han gir oss retningslinjer som iblant er helt presise. Disse blaff av kjærlighet som blusser opp i vårt bryst så vi mister pusten av det, disse visjonene, disse ekstasene, uforståelig i betraktning av vår biologisk natur, vår status som enkle primater, de er tegn som er ekstremt tydelige.

Og jeg forstår i dag hva Jesus Kristus mente, hans gjentatte oppgitthet over menneskenes forherdede hjerter. De har sett alle tegnene, og de akter ikke på dem. Må jeg virkelig i tillegg gi mitt liv for disse stakkars menneskene ? Er jeg virkelig nødt til å være til de grader klar og tydelig ?

Ja, det kan se sånn ut."





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar