tirsdag 25. juni 2019

Ingøy

Vi er på veg med hurtigbåten frå Hammerfest til Ingøy ute i havgapet. Det bles ikkje mykje , men lange dønningar får båten til å gynga og enkelte vert sjøsjuke. Det er litt eksotisk for meg, eg har rett nok vore på Svalbard ein gong for lenge sidan , men aldri i Finnmark. Vi er framme i kveldinga, det er bare 6-7 grader og kald vind, det kjennest arktisk, 71 grader nord og Nordishavet rett imot. Etter kvart finn vi oss til rette på det tidlegare skuleinternatet som no fungerar som overnattingsstad.

Ingøy ligg to timar med båt frå Hammerfest, like sør for øya ligg den noko større Rolvsøy. Det er berre omlag 15 fastbuande her no, enno enkelte fiskarar sjølv om fiskebruka er nedlagt. Men her er turisme, fisketuristar frå Tyskland og Aust-Europa. Ingøy med sentrum Inga har framleis ein liten butikk for turistar og fastbuande, men det er ein stund sidan dette var eit levande lokalsamfunn. På 1500 talet var dette eit av dei to største fiskværa i Finnmark, og på 1800 talet var dette kommunesenter i Måsøy kommune, no er det i Havøysund vi finn administrasjon og helsesenter.
Vi overnattar der på veg heim, og blir kjørt rundt på sightseeing av velviljuge fastbuande!

Nord for Ingøy finn vi Fruholmen fyr som lenge var verdas nordlegaste bemanna fyr, men no automatisert, og så har vi Skandinavias høgste byggverk her, ei radiomast som hevar seg heile 362 meter opp over det arktiske landskapet som minnar meg om høgfjellet i sør. Forskjellen er kanskje bare at her veks moltene mykje tettare og i havnivå!

Mest alt av bygningar på Ingøy, inkludert kyrkja men ikkje likhuset, vart brent av tyskarane på slutten av krigen. Husa ber preg av å ha vorte sett opp i hast i dei tunge åra etter krigen. Kyrkja er bygd opp igjen og er noko av det første ein får auga på når ein kjem med båten frå Hammerfest eller Havøysund. På ei flate like  nedanfor  kyrkja finn vi gravplassen, gravsteinar som vitnar om slitsame liv for å overleva her opp. Fleire barnegraver på 1950 -1960 talet understrekar dette. Ingen barn døyr i Norge i dag, og vi gløymer fort at det berre er få ti år sidan dette ikkje var uvanleg, ulukker, drukning, infeksjonar.

Det blir fine dagar på Ingøy både fagleg og sosialt. Nytrekt torsk og fersk kongekrabbe set ein spiss på det heile!

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar