tirsdag 21. mai 2019

Martyrar frå Mexico

I dag feirar vi minne om 25 heilage martyrar frå Mexico som vart saligkåra i 1992 og heilagkåra av pave Johannes Paul II i 21. mai 2000.
Kristne vert forfølgde og drept i mange land også i dag, ein kan berre nemna Irak, Syria, Nord-Korea, Saudi Arabia, Egypt. Men kristne har og vorte forfølgde i det ein reknar som katolske land. Spania under borgarkrigen er eit døme, mindre kjent er dei omfattande forfølgingane i Mexico på byrjinga av 1900 talet. Kanskje enkelte har lest Graham Greenes store roman "The power and the glory" som omhandlar desse brutale hendingane.

Etter ein revolusjon i 1910 fekk Mexico eit brutalt regime som såg Den katolske kyrkja som ein av sine hovudmotstandarar. Ei ny grunnlov vart vedteke i 1917 som sterkt innskrenka Kyrkjas rettar. Enno strengare lover vart innførte i 1926. Dette førte til folkeleg motsand som samla seg i rørsla Cristeros. Dels var dette væpna mostand, men dei fleste prestar forsvarte trua med fredelege middel.
Kristi kongefest var innført av pave Pius XI i 1925 og slagordet for Cristeros var " Vivo Cristo Rey" -
"Leve Kristus Kongen" eller  "Lenge leve Kristus KOngen og Jomfrua av Guadalupe".

Det er ukjent kor mange som vart martyrar under desse forfølgjingane men i dag minnest vi 25 av dei, "Den heilage Kristoffer Magallanes og hans 24 ledsagere." Det dreier seg om 22 prestar og tre legmenn som vart drept mellom 1915 og 1937.
Vi minnest desse 25 og ber om deira forbønn for dei truande som vert forfølgde også i vår tid.

                                             Vår Frue av Guadalupe som er Mexicos skytshelgen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar