fredag 31. mai 2019

Magnifikat

I dag 31. mai feirar vi Jomfru Marias vitjing hos slektningen Elisabeth som var gravid med døyparen Johannes. Marias var der i tre månadar i følge Lukas, nokså sikkert til etter Johannes vart fødd.
Dagen vart tidlegare feira 2, juli men vart i 1969 lagt til 31. mai slik at Maria månaden mai også fekk sin Maria-fest.

Bodskapen til Maria 
26 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:
          «Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.
          
   
 31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,
          og du skal gje han namnet Jesus.
          
   
 32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.
          Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.
          
   
 33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,
          og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»
34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:
          «Den heilage ande skal koma over deg,
          og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.
          Difor skal òg barnet som blir fødd,
          vera heilagt og kallast Guds Son.
36 Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden. 37 For ingen ting er umogleg for Gud.» 38 Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne. 
Maria og Elisabet 
39 Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40 der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.41 Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande 42 og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv. 43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»46 Då sa Maria: 

Marias lovsong 

          «Mi sjel høglovar Herren,
          
   
 47 og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.
          
   
 48 For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.
          Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,
          
   
 49 for store ting har han gjort mot meg,
          han, den mektige; heilagt er hans namn.
          
   
 50 Frå slekt til slekt varer hans miskunn
          over dei som ottast han.
          
   
 51 Han gjorde storverk med sin sterke arm;
          han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
          
   
 52 Han støytte stormenn ned frå trona
          og lyfte opp dei låge.
          
   
 53 Han metta dei svoltne med gode gåver,
          men sende dei rike tomhendte frå seg.
          
   
 54 Han tok seg av Israel, sin tenar,
          og kom i hug si miskunn
          
   
 55 slik han lova våre fedrar,
          Abraham og hans ætt, til evig tid.»
        
56 Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att. 


Marias lovsong Magnifikat ber vi kvar kveld i Vesper. Mange har tonesatt denne teksten ikkje minst J.S. Bach sin versjon vert ofte framført:

https://www.youtube.com/watch?v=QQAWqqaUTHE



Marias gjesting hos Elisabeth inngår som del to i den gledefylte rosenkransen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar