søndag 17. mars 2019

Minnedagen for Den heilage Gudmund

16. mars feirar vi minnedagen feirar vi minnedagen for Den heilage Gudmund, biskop av Holar på Island. Han er kanskje ein av dei mindre kjente Mellomalderhelgenane, underteikna kjente iallfall lite til han. Han var nok godt kjent for Sigrid Undset som oppretta eit legat i hans navn, og  i 2007 vart det innvia ei katolsk kyrkje på Jessheim vigd til St. Gudmund.
Gudmund Arason  var ein oppstridt mann i si samtid.  Han var fødd utanfor ekteskap og måtte difor ha løyve frå paven for å verta prestevigd 24 år gammal. Han gjorde geistleg karriere og vart utnemnd til biskop av Holar, Islands nordlegaste bispedømme, i 1203. Han viste seg å vera ein mann som ikkje søkte rikdom og gods for kyrkja, men var oppteken av omsorg for dei fattige. Han har  difor vorte karakterisert som ein islandsk Thomas Beckett.

Mange fattige slo seg ned omkring bispegarden på Holar, noko som førte til konflikt med stormennene i området. Konflikten tilspissa seg, og Gudmund vart etter kvart nøydd til å reisa til Nidaros der han oppheldt seg  i 1214-18. Då han kom tilbake til Island heldt han ein lågare profil ,men kom likevel i konflikt med mektige høvdingar og måtte på ny dra til erkebiskopen i Nidaros. Han kom tilbake til Island som ein gammal og sjuk mann og døydde i 1237 76 år gammal.

Etter hans død vart dei mange konfliktane fort gløymd og han stod meir og meir fram som ein heilag mann. Han vart aldri formelt kanonisert, men vart feira som helgen såvel på Island som i Norge.

Fleire hundreår seinare var Holar det siste katolske bispedømmet på Island. Reformasjonen hadde nådd Skalholt, bispedømmet i sør, men på Holar  heldt biskop Jon Arason fast ved den katolske trua inntil han vart henretta i 1550.



                                             Statue av St Gudmund i kyrkja på Jessheim


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar