lørdag 9. mars 2019

Edvard Hoem - til lukke med dagen

Forfattaren Edvard Hoem fyller 70 år . Han har dei siste åra vorte ein av våre mest lest forfattarar, ikkje minst som følgje av romanserien om hans eigne slektningar som utvandra til Amerika.
Edvard Hoem har vore ein særs allsidig forfattar like fra debuten i 1969, Kollega Dag Solstad seier at han mestrar alt han prøver på inkludert det å skriva salmar.
Etter at han som god vaksen fann tilbake til den kristne barnetrua har han skreve ei rad salmar, mange av dei er teke med i salmeboka. Den same Dag Solstad meiner at det religiøse engasjementet har styrka  diktning hans. "Det har gitt han en fasthet i språket. Det gir han også full rett til å bruke bibelspråket i diktningen, og det er en stor styrke i seg selv."

Her hans Skjærtorsdags salme:

" No vaskar han føtene deira og
tørkar det varsamt med kledet.                                                                                                                  No vaskar han føtene deira                                                                                                                        og minner dei om dette eine, 
at han, som er son av den høgste, 
er komen til oss for å tene.
No vaskar han føtene reine.

Slik lyfter han slaven til fridom.
Han vaksar bort støvet frå vegen.
Den livslange, strevsame vegen
skal ende hos han, i Guds rike.
Og han som er son av den høgste,
han bøyer sitt hovud mot jorda,
og slik blir han menneske like.

Slik sprenger han tilværets gåte.
Han bur seg til møtet med døden.
Han tener fordi han er herre.
Han bøyer seg ned for å sone.
Han førebur gudsrikets orden;
Dei siste skal vera dei første.
Den minste skal stå ved hans trone."




                                         Til lukke med 70 års dagen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar