torsdag 1. november 2018

Fjella var først

Fjella var der før oss, lenge før. Det er noko solid og varig med fjella, dei er nærast ævelege i allfall samanlikna med våre korte liv. Kaare Skaal frå Rosendal  er kjent i lokalsamfunnet som ein engasjert mann med ei rekkje bøker med lokalhistoriske tema bak seg. Heile livet har han og skreve dikt, dels publiserte, dels upubliserte. No når haner godt opp i 80 åra har han gjeve ut ei lita diktsamling der mykje av det han har skreve er samla. "Fjella var først" er tittelen, og det avspeglar godt tematikken, det er fjellnaturen på heimstaden han krinsar rundt. Men naturen blir og knytt opp mot menneska som lever der, mot årstidene, mot kulturlandskapet og den store historia som vi alleer ein liten del av. Her er mange små perler. Eg tek med to dikt som eg likte godt, det eine om den gamle furua som fall, det andre om Ringeriksfossen som er eit storslått fossefall i Rosendal.

Ringeriksfossen


Gå gjerne i juli om du vil
til sull og finstemt harpeleik

men er du bringesterk
skal du prøva hausten
når lågtrykka kjem jamsides frå vest
og haugar seg over vassmagasina

sjølv
sit han ved klaviaturet
i sin eigen Concert Grosso
med fotpedalar og full påtrekk
som om han vil lata ein stor vreide
fara den vegen

orgeltonane
burar gjennom kyrkja
og slår knyttnevane i berga


fjellbjørka
kryp forskræmd
gjennom bergskorane
og dagen leitar etter gøymsle

Har du høyrt
ein slik konsert til ende
kan du stå fram og seia kven du er
for det vart ein vendepunkt dette
og ingenting er som før




Vindfall


Storfurua slo rot
det året Eduard Londemann
let att augo

ho var ung og vakker
då bygdegutar stod grensevakt 1807-14

med andlet og røter
vende mot stormane
auka malmen i kroppsvevet

men Loke kviskra
nidingsord til vindane
og slik Paris råka Akilles i hælen
slik fall stormkasta henne i ryggen

ho stupte mot jorda
med dei grove armane føre seg
utan å ha sett uvenen sin i augo

Stundom
vert godtfolk tekne den vegen
for meinigane sine





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar