lørdag 10. november 2018

Krystallnatta - 80 år

Det er åtti år sidan "Krystallnatta" og kalla "November-pogromen" som starta natta mellom  9. og 10 november 1938. Alt frå Hitlers maktovertaking i 1933 hadde det skjedd ei gradvis innstramming av den jødiske minoritetens rettar og levekår, men dei brutale hendigane for åtti år sidan tok dette eit langt steg vidare. "Krystallnatta" innebar eit massivt åtak på jødiske institusjonar og heimar over heile Tyskland, mange jødar vart også fysisik mishandla og vel nitti omkom. Få var det vel som forstod at dette eit par år seinare skulle enda i industriell utrydding av ei heil folkegruppe.

Den direkte hendinga som utløyste "Krystallnatta" var drapet på ein tysk diplomat i Paris, men det var eit påskot frå dei nazistiske styresmaktene si side, dette var utan tvil planlagt og ledd i Hitlers visjon om å bli ferdig med jødeproblemet ein gong for alle. Vanlege tyskarar reagerte ulikt, dei fleste var nok passive tilskodadar, mange applauderte, ein del deltok i hærverk og plyndringar, og nokon få reiste seg over ondskapen og hjelpte jødane.

Kyrkjene i Tyskland var og for det meste passive tilskodarar til åtaka på den jødiske minoriteten,med ein del framståande unntak. Den protestantiske teologen Dietrich Bonhoeffer som vart henretta like før krigsslutt er vel den mest kjente. Eit anna døme er den katolske domprosten i Berlin Bernhard Lichtenberg som frå første stund stilte seg solidarisk med jødane, også han måtte bøta med livet for dette.

I Kristiansand hadde vi ei fin markering av dette i går kveld på Arkivet. Apellar frå politiske og religiøse organisasjonar sette dette inn i ein dagsaktuell ramme. For dette er ikke berre tragisk historie, det er skremmande aktuelt både i  dagens Europa og USA, vi var nyleg minna på det i samband med massakren i ein synagoge i Pittsburgh. I fleire land er antisemittiske haldningar på frammarsj, ein reknar med at 15-20 % i Europa har slike haldningar, i Norge har 9-10 % negative haldningar til jødar.

Aldri gløyme "Krystallnatta " og det den førte til !






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar